Dag og Tid
Verified
Newspaper
DAG OG TID er ei fri og ubunden vekeavis for kultur og politikk – og den einaste riksavisa på nynorsk. DAG OG TID har hatt ein fin vekst dei siste ti åra og har i dag 11 790 i opplag.
Kvar veke kan du lesa reportasjar, kommentarar, intervju om kultur- og samfunnsspørsmål – og meldingar av bøker, musikk, film og teater.
Avisa har kome ut sidan 1962. Over DAG OG TID-logoen den gongen var det tre små globusar. Det synte til vidsynet. DAG OG TID skulle vera ei avis med ambisjonar og ikkje innettervend. Denne redaksjonelle lina står avisa trygt på i dag òg. Source
Actions
Media Outlet details
| Scope | National |
|---|---|
| Language | Norwegian (Nynorsk) |
| Country | Norway |
|
Similarweb UVM |
Request pricing |
|
Comscore UVM |
Request pricing |
| Frequency | Weekly |
| Days Published | N/A |
Recent Articles
Search ArticlesMillionar av laks døyr i setjefiskanlegg kvart år
Dyrisk Mange millionar fisk døyr kvart år i setjefiskanlegga. Smoltproduksjon er eit krevjande handverk som legg grunnen for heile oppdrettsnæringa. Lakseoppdrett er ein marin milliardindustri. Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge meiner at «norsk havbruk er blant verdens mest bærekraftige former for animalsk matproduksjon». Men i setjefiskanlegga døyr det mange millionar fisk i året, og vi har ikkje nok kunnskap om kva som må gjerast for å gje fisken ein tryggare oppvekst.
Trump byggjer ballsal og bunker ved Det kvite huset
Kommentar Kva er det eigentleg Trump byggjer ved Det kvite huset? Ballsalen under konstruksjon ved Det kvite huset. Sist veke gav USAs høgsterett grønt lys for at ballsalen til president Donald Trump kan byggjast ferdig. Det vert ein «fantastisk ballsal». Men det vert òg eit gigantisk «militærkompleks» – med ståltak, tilfluktsrom, sjukehus og eige luftforsvar.
I filmen Coyote vs. Acme kjempar Per Ulv mot eit mektig selskap som nektar å gje seg. Sjølve filmen måtte ein òg kjempe for.
Kulturkommentar Regissør Dave Green, Lana Condor, Martha Kelly, Kenneth Choi, P.J. Byrne. Eric Bauza, Candi Milo, Will Forte, Jim Cummings and John Cena under premieren for Coyote vs. Acme. Dei som har spelt poker, veit at ein ikkje skal satse meir, berre fordi ein allereie har satsa mykje. Ein skal satse dersom ein trur innsatsen er verd det. Warner Bros er eit av verdas største og mest tradisjonsrike filmselskap, og eit av dei største i Hollywood.
Morosam statistikk med manglar
Bok Ein av Noregs mest kjende statistikarar har skrive ei morosam og interessant bok om statistikk, men han vert litt for normativ. Ulf Andersen Norge i rødt, hvitt og statistikk. Hvem vi er og hvordan vi lever av statistikksjefen i Nav, Ulf Andersen, er lettlesen og krev ikkje djup innsikt. Her får du statistikk som syner korleis vi nordmenn på mange måtar er. Når eg går på fjelltur, brukar ein ven av meg å seia at vi må hugsa at svært få nordmenn faktisk går på slike turar.
(+) Særprega finlands-svensk diktarrøyst
Bok Dikta til Tua Forsström har noko vart og sensibelt over seg, men ein finn òg skarpare tonar. Tua Forsström fekk Nordisk råds litteraturpris i 1997 og var medlem i Svenska Akademin i åra 2019–2024. Svensk poesi står høgt i kurs hjå fleire norske forfattarar, og når dei uttalar seg om sine eigne favorittforfattarar, nemner dei ofte nokre svenske poetar i tillegg til andre nobilitetar. Rett nok er Tua Forsström finsk, men ho skriv på svensk, ho er det vi kallar finlandssvensk.
Som en akademisk orientert tjukkebolle hadde jeg elsket kroppsøvingsfaget slik det er i Norge i dag, skriver Sanna Sarromaa.
Ordskifte I ballspill var jeg redd for ballen. Det er jeg for så vidt fortsatt, skriver Sanna Sarromaa. Jeg var en feit og klumsete unge. Jeg drev ikke med idrett, og jeg ble alltid valgt nest sist i kroppsøving – nest sist fordi Emmi var enda feitere og mer klumsete enn meg. Jeg husker fortsatt en test vi hadde i muskelstyrke. Vi måtte gjennom ulike stasjoner og gjøre for eksempel så mange pushuper som vi klarte på ett minutt.
Skrivande artist / syngande forfattar
Litteratur Unnveig Aas er vand med å velje få ord med stor omhug. Med eitt er ho ute med 36.000 i ein jafs. Unnveig Aas er ute med den fjerde boka og det fjerde albumet sitt. I dag, 4. september, blir det fjerde albumet til Unnveig Aas sleppt. Samtidig har ho nettopp, 20. august, gitt ut si fjerde bok, romanen Ste. – Er det romanen eller den nye plata som tar mest plass no til dags? – Det vekslar. Det blir nærmast annankvar dag med det eine og det andre.
KI-briller trugar personvern, ytringsfridom og rørslefridom
Teknologi KI-briller trugar i siste instans ytringsrommet og rørslefridommen vår, meiner fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet. Mark Zuckerberg, Facebook-gründer og konsernleiar i Meta, demonstrerer KI-brillene til selskapet i september 2025. Det har alt vore fleire saker med kvinner og barn som blir snikfilma av brukarar. Derfor har dei fått tilnamnet «pervobriller». Boston, 14.
(+) Først av alt
Musikk Det høyrest kanskje ikkje så imponerande ut at Runar Netland debuterer med soloalbum – før ein veit at han er trommeslagar. Runar Netland leikar med trommene på debutalbumet. Trommeslageren held saman bandet, gjerne med hjelp av bassisten. Men sjølv kor viktige desse to er, så er det vanskeleg for dei å vere soloartistar. Runar Netland har løyst det med å hanke inn ei rekkje gode musikarar. Pianist Andreas Ulvo er den som skil seg mest ut.
Kong Håkon VIII – med å
Kommentar Kong Haakon VIII på veg ut av Stortinget etter å ha avlagt eid. Fredag 28. august kom meldingane om at kong Harald V var avliden, og at Noreg hadde fått ein ny konge: Haakon VIII. Det var uventa for somme at kongen hadde valt å halda på den antikverte skrivemåten med «aa» for å som han diverre fekk ved dåpen i 1973. For det er ikkje sjølvsagt at det offisielle kongenamnet laut verta det same som døypenamnet, Haakon Magnus.