framtida.no
Actions
Media Outlet details
| Scope | N/A |
|---|---|
| Language | Norwegian (Nynorsk) |
| Country | Norway |
|
Similarweb UVM |
Request pricing |
|
Comscore UVM |
Request pricing |
Recent Articles
Search ArticlesVekas viktigaste: Europeisk tryggleik og KI på avvegar
Ed Sheeran mistar A-laget sitt Turnébandet til Ed Sheeran droppar ut av konsertane han skal spele i USA i haust. Det same gjer fleire oppvarmingsartistar. Det skjer etter at rapparen Macklemore vart utestengd frå den same turnéen på grunn av at han ytra støtte til Palestina frå scena. Det skal ha vore turnépromotøren Messina Touring Group som droppa Macklemore, etter at ein boikott vart sett i gang av milliardær Robert Kraft.
Awaatef (21) og Kitty (19) er blant der nominerte til Jenteprisen: – Føler allereie at eg har vunne
Unge Høgre-politikar Kitty Theobald Gjerland og samfunnsdebattant Awaatef Abdullah Hassan er blant dei unge profilane på lista over nominerte til Jenteprisen. – Det betyr utruleg mykje. Eg føler allereie at eg har vunne, sjølv om eg berre har blitt nominert! Det seier Awaatef Abdullah Hassan på telefon til Framtida. Då årets nominerte til Jenteprisen vart , fann ho sitt eige namn på lista.
Venstre vil løyse lesekrisa med gratis bøker
– Tenk å vere ti år og gå inn i bokhandelen med eit gåvekort i lomma og få velje boka sjølv. Fotball, hestar, drakar, dinosaurar. Det er sånn lesegleda startar, med ei bok du har lyst på, og som er di, seier Venstre-leiar Guri Melby til NTB. Forslaget går ut på å innføre ein nasjonal «boksjekk» på 450 kroner til 127 000 elevar på 5. og 8. trinn. Gåvekortet skal kunne brukast i nettbokhandlar og i alle fysiske bokhandlar i landet.
«Vi bør ikkje straffe elevar som allereie treng tilrettelegging»
Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide vil ha ein meir «klassisk» skule og eksamen med penn og papir for elevar på 10. trinn. Dette er, etter mi meining, ein av dei dårlegaste ideane eg har høyrt på lenge. Eg skjønar veldig godt at vi må ta på alvor at leseferdigheitene i skulen har blitt dårlegare. Men det betyr ikkje at vi skal fjerne hjelpemidla som enkelte elevar er avhengige av for å kunne vise kva dei faktisk kan. For nevrodivergente elevar kan slike hjelpemiddel vere heilt avgjerande.
162 arresterte i LHBTQ+-raid i Tyrkia
Tyrkiske myndigheiter raida denne helga fleire skeive lokale og arresterte minst 162 menneske, i ein operasjon som har fått namnet «Familien min er trygg». Det meldar Deutsche Welle. Raida skal ha skjedd på utestader, organisasjonslokale, og i heimane til skeive. Myndigheitene i Tyrkia seier målet var å vise at dei ikkje ser på LHBTQ+ som normalt, og for å beskytte «familieverdiar».
Kristoffer (20) banka på dører i den svenske valkampen
Socialdemokraterna er meir opptekne av å bli valde enn å stå for noko, meiner AUF-ar Kristoffer Andreas Olstad. Likevel reiste han til Stockholm for å hjelpe dei til siger i det svenske valet. – Det politiske klimaet i Sverige er ganske hardt; kokande. Det er sinne, hat og forakt for ulike sider av politikken, fortel Kristoffer Andreas Olstad. Fredag tok han nattoget til Stockholm saman med ein kamerat for å bidra i dør-til-dør-aksjonen til Sveriges socialdemokratiska ungdomsförbund (SSU).
EU: Gamarar kan måtte bevise at dei er gamle nok
EU foreslår no at digitale spelbutikkar må sjekke om du er gamal nok før du får laste ned spelet. Det melder Reuters, Euractiv og Tek.no. Euractiv publiserte lovforslaget i saka si. Også sosiale medium, KI-tenester og videodelingsplattformer blir påverka. Ifølge forslaget blir verifiseringa gjort med EU sin eiga teneste eller andre løysingar frå offentlege myndigheiter. Forslaget skal leggjast fram torsdag, men det kan ta fleire månader med diskusjon før ei eventuell lov er klar.
Digitaliseringsministeren vil forby KI-briller
Den nye digitaliserings- og forvaltningsministeren Torgeir Micaelsen (Ap) har kome til den motsette konklusjonen av forgjengaren Karianne Tung (Ap) Den ferske digitaliserings- og forvaltningsministeren Torgeir Micaelsen (Ap) vil vurdere eit forbod mot KI-briller, melder NRK.
Betre psykisk helse blant studentar og færre einsame enn i 2022
Kvart fjerde år blir Studentenes helse- og trivselsundersøking (Shot) lansert, den største i sitt slag i Noreg. Rundt 54.000 studentar har delteke i år, opplyser administrativ leiar Stian Rosenberg Søvik i Shot til NTB. Mest oppsiktsvekkjande i år er utviklinga for psykisk helse blant studentar sidan undersøkinga i 2022. Talet som ofte eller svært ofte saknar nokon å vere saman med, har falle frå 29 til 19 prosent. Talet studentar med store psykiske plager har gått ned frå 25 til 21 prosent.
Ungarn vil tillate likekjønna adopsjon
Regjeringa i Ungarn har sleppt ein rapport som skal danne grunnlaget for nye reglar for adopsjon i landet. Sidan 2020 har det i praksis ikkje vore mogleg for likekjønna par eller einslege å adoptere. Desse reglane skal no fjernast, varslar statsminister Péter Magyar. Magyar meiner at kven som får adoptere eit born ikkje bør vere ei politisk avgjerd, men ei fagleg, gjort av psykologar og barnevernsekspertar.