For eit par år sidan var det mykje publikum rundt omkring på alle banane, og sola skein frå skyfri himmel. I år er det meldt ausande pøsregn under Etnecup, men det er ikkje sikkert det skremmer publikum. For mange er Etnecup sjølve høgdepunktet på sommaren. Når hundrevis av spelarar, trenarar, foreldre og besteforeldre strøymer til bygda, blir Etne forvandla til eit yrande sentrum for fotball, aktivitetar og fellesskap. Interessa for turneringa er framleis enorm.