helse-mr.no
Actions
Media Outlet details
| Scope | N/A |
|---|---|
| Language | Norwegian, Norwegian (Nynorsk) |
| Country | Norway |
|
Similarweb UVM |
Request pricing |
|
Comscore UVM |
Request pricing |
Recent Articles
Search ArticlesDigital tinnitusbehandling gav best effekt for dei med alvorlege plager
Bak studien står psykologane Katrine Sol Dalseng og Natalia Liavåg, saman med øyre-nase-hals-lege Dag Lyngve Sunde og professor Stian Solem. Studien vart publisert i tidsskriftet Frontiers in Psychiatry i byrjinga av september. Frå psykologistudiet til forsking på tinnitus Dalseng kjem frå Molde og studerte psykologi ved NTNU i Trondheim. Etter studiet flytta ho tilbake til heimbyen og arbeider i dag som psykolog ved BUP poliklinikk Molde.
Betre førebuing og oppfølging av kreftbehandling med appen Mypath
Nokre dagar før ein poliklinisk time får aktuelle pasientar invitasjon gjennom HelsaMi eller Helsenorge. Der ligg ei lenkje til appen MyPath der pasienten kan logge inn og fylle ut skjema digitalt, heime og i sitt eige tempo. Spør om det som betyr mest for deg Skjemaet går gjennom ei rekkje vanlege plager og funksjonar hos menneske med kreft, mellom anna smerter, kvalme, forstopping, søvnvanskar, uro og matlyst. Svara styrer kva oppfølgingsspørsmål pasienten får.
Helse Møre og Romsdal i gang med to store digitale satsingar innan psykisk helse og rus
Frå passiv til aktiv ventetid med Starthjelp Psykiske helseutfordringar er ein av vår tids største utfordringar. No tek Helse Midt-Noreg grep for å støtta pasientane allereie før første møte i spesialisthelsetenesta. Å venta på den første timen i psykisk helsevern kan vera krevjande. Mange pasientar opplever ventetida som prega av uvisse, spørsmål og bekymringar. Kva skal skje på den første timen? Kva behandlingsmoglegheiter finst? Og kva er venta av meg som pasient?
Stor norsk studie: Ingen effekt av avføringstransplantasjon ved irritabel tarm
studien har forskarar samanlikna pasientar som fekk avføring frå friske donorar med pasientar som fekk si eiga avføring tilbakeført som placebo. Behandlinga vart gitt éin gong som klyster, og verken deltakarar eller forskarar visste kven som fekk kva behandling. Totalt 450 deltakarar med moderat til alvorleg IBS var med i studien. Placeboeffekt Etter 90 dagar hadde 40 prosent i donorgruppa og 38 prosent i placebogruppa fått ei klinisk betring av symptoma.
Stor interesse blant ungdomen på Researchers’ Night 2026
Researchers’ Night inviterer ungdom og andre interesserte til å oppleve forsking på nært hald. Gjennom aktivitetar, demonstrasjonar og møte med forskarar får deltakarane innblikk i korleis forsking skaper ny kunnskap og bidreg til å løyse utfordringar i samfunnet. På Helse Møre og Romsdal sin stand kunne ungdomen få vite meir om ultralyd og kva som føregjeng inne i ein ambulanse.
Helseføretak og kommunar einige om tettare samhandling i omstillingsarbeid
I tråd med samarbeidsavtalen skal Helse Møre og Romsdal og kommunane i Møre og Romsdal så tidleg som råd orientere og involvere kvarandre ved planlegging av endringar og tiltak som kan påverke den andre parten. Målet er at innbyggjarane skal få trygge og samanhengande helsetenester, også når tenestene må endrast. Då må partane sjå konsekvensane for heile pasientforløpet og planleggje endringar i fellesskap.
Frist 1. november for å søke rekrutterings- og samhandlingstilskot
Rekrutterings- og samhandlingstilskot skal bidra til å styrke samarbeidet mellom kommunar og helseføretak om tenesteutvikling og gode pasientforløp. Tiltak det blir søkt om skal understøtte nasjonale føringar og visjonen «Eitt lag – felles ansvar» for å nå mål og strategier for Helsefellesskapet Møre og Romsdal.
Tankevekkjande føredrag om kreftens gåter og morgondagens behandling
Eli Sihn Samdal Steinskog har tidlegare vunne prisen som Årets onkolog 2025 av Norsk Onkologisk Foreining, og har stor formidlingsevne. Ho tok publikum med på eit komplekst fagfelt på ein måte som gjorde det forståeleg for alle. Steinskog forklarte kva som skjer i cellene når kreft oppstår, korleis friske celler gradvis kan miste kontrollen over eigne funksjonar, og kvifor kreft framleis er ei av dei største medisinske utfordringane vi står overfor. Kva skjer når cellene gløymer seg sjølve?
CAG-seminar på Hjelset la grunnlaget for nye samarbeid innan kreftforsking
Seminaret/workshopen var det første i Midt-Noreg innan kreftnevrovitskap, og vart gjennomført som ein aktivitet under den klinisk-akademiske gruppa (CAG) Cancer Neuroscience with Special Reference to Multimorbidity, som fekk tildeling frå Samarbeidsorganet tidlegare i år. Seniorforskar og CAG-koordinator Chun Mei Zhao, CAG-leiar og professor ved NTNU Duan Chen, og forskar og forskingsrådgivar i HMR Vibeke Devold Valderhaug stod for organiseringa.
Styremøte onsdag 23. september
Dato: 23.09.2026 Stad: SNR Hjelset Kl. 09.30 - 14.15 Teams direktesending Klikk her for å følge styremøtet Styresakene finn du her (Styreportalen)