Tor Helge Hilmarsen, sjef for Mibau Stema sine pukkverk på Berakvam, Tau og Dirdal, har hatt eit travelt halvår med å rydda opp for å unngå delvis driftsstans, samstundes som han har arbeidd for å få tommelen opp for utvidingsplanane. Det siste skulle eigentleg vore oppe i kommunestyret nå i juni, men er utsett til oktober. Likevel er han ikkje motlaus og står fast på at stein er naudsynt, sjølv om mesteparten av produksjonen frå Berakvam ikkje hamnar hos norske kundar.