Det er ikkje slik at Facebook bryr seg nemneverdig om etikk og moral. For dei er me kundar. Fylgjeleg er dei avhengig av annonsesal. Facebook sin AI reknar ut ifrå sine algoritmar kva politisk side du står på. Finn dei ut at du vil ha ein «anti-Arbeidarparti-vegg», ja, so får du det. På same måte som i eventyret kan du spørja Facebook: «Kven har rett i dag?», og Facebook vil svara deg med eit rungande «du» kvar einaste gong. Oppgåva til «AI» er nemleg å halda trafikken på Facebook maksimal.