Medan mange drøymer om meir kraft til bergensregionen, er det på høg tid å understreka at den billigaste og mest miljøvenlege straumen er den som ikkje vert brukt. Som miljøparti vil vi etterlyse ei storsatsing på energieffektivisering og energiøkonomisering. Dette er ein naudsynt del av omstillinga vi skal gjennom som samfunn, og kan bidra både til å gjera oss meir robuste og til å unngå ytterlegare naturtap, anten det er frå ny kraftutbygging eller frå ny infrastruktur.