Meiningar Øystein Nereng og Betuel Frøyland kjem med ganske kvass retorikk mot meg i sitt lesarinnlegg. Det er ein retorikk som bidreg til eit debattklima som eg ikkje ønskjer i Time eller generelt i samfunnet. Å bli karakterisert og tillagd meiningar av andre bør ein halde seg for god til. Ein forventar av eit medlem og eit varamedlem i kommunestyret, som Nereng og Frøyland er, at dei er fullt klar over at vedtak blir fatta av eit fleirtal som er demokratisk valt, og ikkje av enkeltpersonar.