MEININGAR Vi syns det er flott at innbyggjarane finn tid til å møte opp i kommunestyret og engasjerer seg i lokale politiske saker. Dette er spesielt viktig i dagens klima der ytringsfridommen er truga. Vi skjønar at formalia på kommunestyremøte er ukjend for folk flest, men vart overraska over reaksjonen til Kristian Hus som vi trudde var kjend med prosessen i politiske møter. Vi vel difor å kommentere påstandane om at vi ikkje bryr oss og at vi ikkje viser ekte engasjement.