Is this you? As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.
Claim your profile
Articles by Vestland KrF
Billigere månedskort gir lite igjen for pengene
Meninger SV og MDG har nasjonalt forhandlet frem en lavere månedspris på kollektivtilbudet, og alle reisende med bybane eller buss vil selvsagt glede seg over en periodebillett som er 252 kroner billigere. Det som ser ut som et godt miljø- og klimatiltak, er i realiteten ikke det. I stedet burde partiene prioritert flere avganger på overfylte busser og bybaner, et bedre kollektivtilbud i ytre bydeler og prisendringer som faktisk får flere til å velge kollektivt fremfor bil.
Kva har Ap mot folkehøgskulane?
Meiningar For andre året på rad foreslår regjeringa kutt til folkehøgskulane. Det er dramatisk, og kan føre til banesår for eit heilt skuleslag med særeigne kvalitetar. Det merkelege er at dei gjer det i ei tid der fråfallet frå vidaregåande opplæring er høgt, der Ungdata syner aukande einsemd, skjermbruk, ungdomskriminalitet og psykisk uhelse. Det er samla trykk frå alle politiske parti på at ein skal ta desse signala på alvor å hindre varig utanforskap og sikre inkludering.
Kva har Ap mot folkehøgskulane?
Debattinnlegg For andre året på rad foreslår Regjeringa kutt til folkehøgskulane. Det er dramatisk, og kan føre til banesår for eit heilt skuleslag med særeigne kvalitetar. Det merkelege er at dei gjer det i ei tid der fråfallet frå vidaregåande opplæring er høgt, der Ungdata syner aukande einsemd, skjermbruk, ungdomskriminalitet og psykisk uhelse. Det er samla trykk frå alle politiske parti på at ein skal ta desse signala på alvor å hindre varig utanforskap og sikre inkludering.
KrF vil tilpasse arbeidslivet til livsfasane
Det var gjort ein god jobb mellom tillitsvalde og fylkeskommunen for å legge fram ei sak om Livsfasepolitikk for Vestland fylkesting. Mellom anna var det fleire tiltak for å sikre at eldre arbeidstakarar ville stå lengre i jobb. Men også eit som ville gjere det enklare for foreldre i møte med planleggingsdagar i skule og barnehage.
Sparebankane sin eigenart er trua
Debattinnlegg Når ein les i Firda om Sparebankutvalet og dei framlegga som ligg der, så kan ein få inntrykk av at det er spørsmålet om kundeutbyte som er den største utfordringa. Eg er redd det tar merksemda bort frå det som eigentleg er den store risikoen i forslaget frå Sparebankutvalet og det Regjeringa kanskje vil foreslå for Stortinget.
Er det vilje til samarbeid om familiepolitikk og tregare fart på hamsterhjulet?
Debattinnlegg Eg vart optimistisk då eg fekk såg Fødselsutvalet sin rapport og framlegg til kva og korleis samfunnet kan legge betre til rette for at folk kan få fleire born. Eller rettare sagt, få så mange born som dei eigentleg ønskjer seg. Og så vart eg litt trist då eg høyrde Familieministeren sin første reaksjon; «Det er viktig med heildagsskule», og ei sterk understreking av at ein ikkje ville tilbake til gamle kjønnsroller. Nei, kven vil vel det?
Elias Eide - Når grunnlaget er feil, blir konklusjonen det også.
Debattinnlegg Aller først; Takk til Elias Eide for den rosen han gjev til fleirtalskoalisjonen frå Sp, Ap, KrF, MDG, SV og V for god styring av Vestland fylkeskommune etter samanslåinga. Eg meiner også at Sogn og Fjordane, til liks med Hordaland, har kome godt ut av samanslåinga til eitt fylke. Men den noko skeive framstillinga som Eide gjev i innlegget sitt, må korrigerast litt. For ein kan ikkje berre nullstille frå samanslåingstidspunktet.
Blir MAGA til MEGA?
Debattinnlegg Eller har Trump skremt vekk ein del av beundrarane? (MAGA er Make America great again. MEGA er Make Europa great again). Eg ønskjer meg politikarar som bygger på verdiar. Sjølv meiner eg dei kristne verdiane som Noreg var så heldige å få inn i lovverket allereie for 750 år sidan, framleis er beste byggjesteinane; Sanning, Fred, rettferd og miskunn. Alle desse verdiane er under åtak.
Når får barnet i magen rettsvern?
Debattinnlegg Vi feirar Landslovjubileum i år, og sett særleg pris på at lova bygde på kristenretten, og gav menneskeverd. Vi framhevar at ei lov dannar normer i eit samfunn, og at Norge endra seg med den nye lovgjevinga. Med det som bakteppe, og med den endringa som er foreslått for abortlova, så er det grunn til å spørje om verdien av eit liv begynner ved fødsel eller før.
Kva betyr "å velje sjølv"?
Debattinnlegg KrF har eit ideologisk utgangspunkt for at familiar sjølve skal få velje korleis dei prioriterer tid og omsorgsval. Derfor var, og er, kontantstøtta ei viktig sak. Ho var svært populær, sjølvsagt også fordi ho kom i ei tid der det ikkje var full barnehagedekking, og foreldre opplevde det utruleg urettferdig at staten støtta med mange tusen dei som var heldige å få plass, og ikkje noko til dei som var uten plass eller valde andre løysingar.
Tilrettelagt transport og sørvisskyss
Debattinnlegg Under fylkestinget sist veke tok eg til orde for at vi må sjå Sørvisskyss og Tilrettelagt Transport (TT) i samanheng. Det er begge ordningar som er til for brukaren, og særleg brukarar med særskilde behov. Ordninga med TT er under endring, og ute på høyring. Mest fordi det har vore ein del av ho som har vore øyremerkt enkelte brukargrupper (med «stor grad av funksjonshemming» som til dømes rullestolbrukar eller sterkt synshemma).
(+) Når startar livet? Og når har det krav på rettsvern?
Gå til sidens hovedinnhold
KrF leverer politikk for dei som treng det
Lesarbrev På fylkestinget før jul tok KrF opp saka om at pasientar ikkje får den reisedekkinga dei har krav på, fordi fylket har innført «sonepris», og fordi Pasientreiser ikkje kan å lese rutetabellar. Vi fekk heile tinget med på ein uttale som går til Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane / Hordaland og til Pasientreiser. KrF håpar saka blir følgt opp og at dette fører til endring.
Samferdsle, Vestland fylkeskommune | Plass på båten?
Meiningar Regjeringa har gitt gratis ferje til alle som må i båt for å kome til fastlandet. I byrjinga var det litt att og fram på om det også galdt båter. Så vart det oppklara at gratisbiletten også var for bilførande båtar. Slik skulle også båtane i Florø-bassenget bli gratis. Men, kor lurt ville det vere med tanke på kapasitet? Innbyggarar, lokal- og fylkespolitikarar vart samde om at viss dette skulle fungere, så måtte det framleis vere ein kostnad.
KrF krev like vilkår for nynorsk og bokmål
Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Ny opplæringslov må sikre at nynorsk og bokmål er jamstelte og har same tilgang til læremiddel og læringsressursar, både digitalt og på papir, til same tid og same pris. Også kalla «parallellitetskravet». Særleg på digitale skriveprogram opplever nynorsk-elevar at det vert raude strekar under ord som er skrivne rett.
(+) Best at narkotika ikkje blir ei lovleg vare
Gå til sidens hovedinnhold aID logo Pollitikk Rus Synspunkt 27.07.22 10:54 27.07.22 12:56 Trude Brosvik, gruppeleiar, Vestland KrF
Show More
loading
Actions
Is this you?
As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.Get in touch with Vestland
Contact Vestland, search articles and posts on X, monitor coverage, and track replies from one place.
Learn more about Muck Rack