Noreg er under press frå overvakingsorganet i Brussel, som alt i april slo fast at sjødeponiet i Førdefjorden bryt med EØS-reglane. I dag kom svaret frå regjeringa, der dei gjer det klart at det ikkje er aktuelt å stoppe gruvedrifta. Dette er dei fem hovudmomenta i svaret: Departementet støttar seg på ei vurdering frå Miljødirektoratet som konkluderer med at deponering i «minst eitt år frå nå» ikkje vil svekke vasskvaliteten. Dei meiner derfor at dei ikkje bryt EUs vassdirektiv akkurat no.