Rett før stengetid for 40 år sidan, rulla ein blå Mercedes 230 E ut frå Autostern i Oslo. Bak rattet sat dyrlege Loe, på veg heim til Vinstra. Det var jappetid i Noreg. På fjernsynet ratta Ewing-brørne topplause SL-ar i «Dallas», medan Alexis Carrington hadde 500 SEL i «Dynastiet». Ved Oslo Børs flaut jappane rundt i kvite skjorter og store bonusar. Dei likte òg Mercedes, sjølvsagt. Helst Geländewagen, men òg 230 E. Økonomimodellen «200» skydde dei som pesten. Den likte ingen.