Kommentar Jau då. Han må tole misunnelege blikk på gata dei neste vekene. Alle fiberkundar som har vore med å betale for den enorme veksten Enivest har vore igjennom, og som enda med ein av dei dyraste telekom-oppkjøpa i landet vårt nokosinne, har vore med på spleiselaget som gjer fibersjefen i Førde rik. Men Enivest-salet til Telenor er langt meir enn det. Ikkje minst er det spennande kva oppkjøpet betyr for kundane av selskapet.