Is this you? As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.
Claim your profile
Articles by Sissel Beate Brunstad
Satsar på betre mentorar for studentar ved sjukepleiarstudiet ved NTNU i Ålesund
– Ligg du godt eller skal eg heve opp senga slik at det blir lettare å puste? Sjukepleiarstudent Joachim H. Kleiven har auga, hjartet og nesten 10 veker praktisk erfaring med seg i praksisvekene ved Skarbøvik Sjukeheim i Ålesund. Saman med fem andre førsteårsstudentar er sjukeheimen det første møtet med yrket han vil inn i. Praksis i ulike delar av helsevesenet utgjer halvparten av studiet for sjukepleiarar. – Før eg kom hit tenkte eg at aldersheim skulle eg aldri jobbe på.
Krigane i Ukraina og Gaza kan trigge vonde minner hos veteranar
Ekspander/minimer faktaboks Krigsbilete frå Ukraina og Midtausten kan vere ekstra tøft for veteranar som har vore på oppdrag i område med krig og konfliktar. Kjell Ødegård, ein veteran frå Vestnes, har opplevd kritiske situasjonar ute i felt og veit at veterankollegaer kan slite på grunn av den massive dekninga med nærbilete av sivilbefolkning som lir, såra og drepne soldatar, mat- og medisinmangel og alt anna krig fører med seg.
Tar grep i anleggsbransjen: – Kan gjere at det blir tryggare for jenter
Ekspander/minimer faktaboks Kvinner i maskin- og anleggsbransjen opplever trakassering og nedsetjande kommentarar på jobb. Eit nytt kvinnenettverk blir danna for å støtte kvinner i bransjen og hindre slike opplevingar. Nettverket skal bli landsdekkande, og inkludere kvinner innan maskin- og anlegg, gruve- og bergverk, asfaltarbeid og vedlikehald av vegar. Målet er at alle kvinner i bransjen skal kjenne at dei har nokon i ryggen viss dei treng det.
Fiskeribedriften Brødrene Sperre merker økonomiske konsekvenser av uroa i Rødehavet
De siste månedene har den mektige Houthi-militsen angrepet både sivile og militære skip i Rødehavet med raketter og droner. De mange angrepene i Rødehavet får konsekvenser også i Norge. – Vi får betydelig høyere kostnader på frakt, sier fiskeselger Cecilie Tennebø i Ålesund. Den Iran-støttede militsen sier angrepene kommer til å fortsette så lenge Israel fortsetter krigføringen på den palestinske Gazastripen. Også norske skip har også blitt angrepet.
Bygda har fått 30 nye fastbuande: – Ein våt draum for ein bygdeforskar
Snødekte fjellsider og tomme gater. Lyden av elva som renn gjennom bygda blir ikkje overdøyvd av begeistra turistar. Det er vinter i Geiranger. Men det er slett ikkje så stilt her som det først kan sjå ut som. Ifølgje ordføraren har dei nemleg fått om lag 30 nye fastbuande dei siste fire åra. – Vi har kor her, og når ein først har blitt med på noko slikt dukkar det opp ting heile tida. Det er mykje å finne på, og det er veldig initiativrike folk i bygda, seier Maren Haanes.
Nisjebutikken Hole Kjøtt i Ålesund er svært populær før jul
Lenge før opningstid har det tetta seg til framfor døra til Ålesunds einaste spesialbutikk for kjøtmat. Siste sjanse Ein av dei som stilte seg opp utanfor Hole Kjøtt for å sikre seg julemiddagen, fredag, er Eldar Vindvik. – Det er siste sjanse for å få den ferdig til julaftan. Eg var her i går også, men då var det tomt, fortel han. Det er mogleg å få tak i kjøtmat mange stader, men til jul er det mange som aller helst vil bruke nisjebutikken i Ålesund sentrum.
Ukrainske flyktningar strikkar til soldatar ved fronten i Ukraina
Kor mange ullsokkar som er strikka og sendt til fronten siste året, veit ingen. Men det dreiar seg om mengdevis. Og meir skal det bli, mykje meir. – Vi strikkar sokkane med kjærleik, og håpar soldatane forstår at dei er strikka for hand. Då føler dei kanskje også at vi tenkjer på dei, og ønskjer at alt skal gå bra, seier Mariya Vovk. Ho ei av dei 10–12 ivrige strikkarane som er med i strikkegruppa for ukrainske flyktningkvinner i Oslo Sanitetsforening.
Masseutmelding frå Stranda Frp: – Det har blitt eit sirkus
10 medlemmar i Stranda Frp har kollektivt meldt seg ut av partiet. Frp har tradisjonelt vore store i Grandiosakommunen, og etter valet i haust gjekk dei inn eit samarbeid med Høgre for å styre kommunen. Dei 10 som har meldt seg ut seier at det er partiet «si politiske tilnærming, samt etiske framtoning i lokalsamfunnet og internt i partiet» som er grunnen, skriv dei i ei pressemelding. – Ut over det har eg ingenting å seie. Vi har lovd kvarandre det, seier varaordførar Steinar Aanning.
Helseplattforma: – Fullt mogleg å heve kontrakten med Epic systems om vilkåra er til stades
St. Olavs hospital er det einaste sjukehuset som har teke i bruk det omdiskuterte journal- og samhandlingssystemet Helseplattforma. Vanskane har vore så store at innføringa er utsett både i Nord-Trøndelag og i Møre og Romsdal. Meldingane om svekka pasienttryggleik, tilvisningar som forsvinn, lite effektivitet og eit system som ikkje er brukarvenleg kan føre til at innføringa i Møre og Romsdal blir utsett på nytt. Styret i Helse Møre og Romsdal skal ta stilling til dette 7. desember.
Strikking som terapi: Tips til å takle det dystre nyheitsbiletet og betre den psykiske helsa si
– Eg har funne terapien min via strikking. Det er ein måte å kunne slappe av på og finne roa, eigentleg, seier Vilde Nerås medan ho strikkar eit par selbuvottar. Med det dystre verdsbiletet kan hausten vere ekstra tung og mørk for mange. Og det er erfaringa til ulike organisasjonar sine hjelpetelefonar, som ringjer konstant. Då kan det hjelpe å ha ein hobby som får tankane over på noko anna. – Eg trur det er det som er det fine med strikking. Ein tenkjer ikkje så mykje.
Stengde vegar råkar turistnæringa i Geiranger
Sesongens første omgang med snø, sterk vind og rasfare har ført til stenging av Trollstigen, mens også vegen frå Austlandet om Strynefjellet har vore stengd heile veka. Dermed må ein køyre lange omvegar for å kome til den kjende turistbygda. Det merker dei der. For bussjåføren frå Estland har det vore fleire endringar i planane for å kome seg til og frå Geiranger. – Sjefen endra planane fordi vegar var stengt på grunn av snø, seier sjåfør Gennadi Surajev.
Flyet med 190 norske reisande i Israel har landa i Noreg
Måndag morgon hadde dei chartra eit fly frå Ben Gurion flyplass i Tel Aviv. Då kvelden kom, var det kansellert. Dei var igjen faste på ubestemt tid. No har alle gått om bord i eit Smartwings-fly på Ramon flyplass i Eilat, etter ein fire timar lang køyretur gjennom ørkenen. Dette har letta, ifølge nettsida Flightradar24. Går alt som det skal, vil dei vere i Oslo omtrent klokka 23 norsk tid.
Bygda i ekstase: – Må nok vaske og rydde litt ekstra
Onsdag kom nyheita om at feiringa av bryllaupet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal skje i spektakulær natur på Hotel Union Geiranger 31. august 2024. For bygda betyr eit slikt bryllaup endå meir merksemd, kongelege gjestar og kanskje også store utanlandske kjendisar. For på gjestelista kan fort namnet til skodespelar Gwyneth Paltrow og songaren LeAnn Rimes dukke opp. Dei er begge i Verretts nettverk.
Norsøk på Tingvoll forskar på om saueull kan erstatte plast i kjøkkenhagar
Ein naturfaga, voven ullduk dekker jorda rundt grønsaker og jordbærplantar som stekkjer seg mot sollyset på Tingvoll på Nordmøre. Ugras finst ikkje. – Dette er kjempespennande å teste ut. Sjølv brukar eg ull rett frå sauen som dekke rundt bringebærbuskane i hagen. Ulla hindrar både ugras og uttørking av jorda. Attpåtil gir ho verdfull næring til jord og planter, seier Kirsty McKinnon. I karmen med grønkål kan ikkje Kirsty McKinnon finne ugras.
Foreldre i Sykkylven brukar opp omsorgsdagar fordi barna er sjuke, ringjer Nav om hjelp
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. Eittåringen Magnus Gjersrud skulle for lengst vore varm i trøya i barnehagen. Han starta i august, og skulle eigentleg vore godt over innkøyringsfasen. Men sjølv om han har full plass, har han framleis ikkje møtt opp alle dagar ei heil veke i strekk. I staden har han vore heime med mor eller far fordi han har vore sjuk.
Fiskarar er bekymra for fransk rakett i fiskefeltet rundt Bjørnøya
Trålaren Ramoen frå Sunnmøre ligg på Sørbakken ved Bjørnøya og fiskar torsk og hyse saman med resten av fiskeflåten. Rundt 600–700 fiskarar er i same området, i grensa mellom Barentshavet og Norskehavet. No skaper ein rakett frå franske styresmakter trøbbel for fisket. I 10 dagar, frå 16- 26. november, blir havområdet periodevis stengt fordi det kan kome nedfall frå ein rakett. Det er berre få dagar sidan overvakingstenesta til Fiskeridirektoratet kom med rakett-varselet.
Fødeavdelinga i Kristiansund får 25 millionar kroner
Normalt styrer helseføretaka sjølve korleis dei vil nytte pengar frå staten. Men i statsbudsjettet har regjeringa øyremerkt 25 millionar kroner til gjenopning av fødeavdelinga i Kristiansund. Sidan februar har fødeavdelinga i nordmørsbyen vore stengt fordi dei har mangla jordmødrer og gynekologar. Dermed må dei fødande dra til nabobyen Molde. – Vi synest det er viktig at når ein treng hjelp, skal ein få den hjelpa og den skal vere nær der du bur, seier Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Har funne fleire tusen år gamalt reingevir på Leirvasshorn på Sunnmøre
For Thomas Skogvold skulle fjellturen til Leirvasshornet vise seg å bli mykje meir spennande enn han hadde venta. Då han nyleg tok turen til den 1533 meter høge toppen i Stranda kommune på Sunnmøre kom han over eit historisk funn. Der hadde nemleg eit reingevir smelta fram frå isen. – Eg kjem frå nabobygda Sykkylven, så det er veldig artig å ha funne noko slikt i nærområdet. Eg tenkte det måtte vere gamalt og at det mest fornuftige var å la det ligge, fortel Skogvold.
Jordbærsnutebillen skaper bekymring i Valldal
I åkrene i sunnmørsbygda letes det etter saftige jordbær mens sola skinner. Men en liten skapning stikker store kjepper i hjulene for jordbærbøndene. Jordbærbonde Peter Arne Døving er blant dem som er fortvilet over jordbærsnutebillen. Foto: Sissel Brunstad / NRK – Jeg er fortvilt. Omtrent 50 % av avlingen er borte i år. Jordbærsnutebillen har vært her i 50 år, men den har vært her mer og mer de siste åtte til ti årene, sier Peter Arne Døving. Han er en av mange bærdyrkere som er fortvilet.
Nytt sprøytemiddel skal redde jordbæra
Spesielt soppen gråskimmel er eit stort problem i jordbærproduksjonen. Det er dette grå laget med mugg som dannar seg på bæra viss du sparar på dei litt for lenge. For å få bukt med denne, blir det brukt store mengder plantevernmiddel. Soppen gjer seg nemleg resistent, og ein må heile tida sprøyte på nytt for å få den vekk. – Det er ein vond sirkel. Eit slags våpenkappløp, seier forskar Atle Wibe, ved Norsk senter for økologisk landbruk.
Ålesund varslar strengare tiltak etter smitteutbrot
Sidan torsdag har over 40 testa positivt for korona i Ålesund. Dei fleste smittetilfella er relatert til to restaurantar. I formiddag hadde kommunen krisemøte for å diskutere tiltak for å stanse utbrotet. Dei held pressekonferanse saman med nabokommunane Sula og Giske. Slurva med reglane Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er bekymra over utviklinga. Foto: Remi Sagen Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er bekymringa over utviklinga og seier at situasjonen er alvorleg.
Vil ha norskproduserte munnbind og smittevernutstyr i beredskapslager
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. I store, lyse lokale i fjøresteinane ved Sykkylvsfjorden jobbar 14 tilsette på skift i fabrikken til Innovern. Kvar dag blir 150 000 lyseblå munnbind klipt opp, sett saman og forsynte med strikk. Dette er landets første spesialfabrikk for munnbind, og målet er å produsere 15 millionar munnbind før nyttår.
Stortinget ber Høie instruere Helse Midt i fødesaken
På fødeavdelingen i Kristiansund mangler de sju gynekologer og sjukehusledelsen mener det ikke er forsvarlig å holde fødeavdelingen åpen. Helse Møre og Romsdal har trålet hele Europa etter gynekologer for å få fødselshjelpere til Nordmørsbyen uten å lykkes. Striden rundt fødeavdelingen i Kristiansund har rast i flere år. Etter at fødetilbudet i nordmørsbyen ble sengt har diskusjonen nådd Stortinget.
Tor Erlend har vært permittert i snart ett år
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. Det er en kald februardag i Molde. I stedet for å være på jobb som produksjonsmedarbeider i industrikonsernet Glamox er Tor Erlend på kafé. 28-åringen har vært permittert siden 15. april. Til å begynne med føltes det litt som en ferie. Nå lengter han tilbake til arbeidet.
Ber FHI vurdere å flytte lærarane framfor sjuke og gamle i vaksinekøen
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. 105 år gamle Eva Wendt Ryen i Stavanger var ei av dei aller første i heile landet som fekk koronavaksine denne veka. Den høge alderen hennar gjer at ho er ei av dei som står heilt fremst i køen for å få dei ettertrakta sprøytestikka. Men no pressar også fleire yrkesgrupper seg fram.
Frykter julegavebytting kan bli smittefelle
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. Bytting av julegaver i romjula kan bli en smittefelle for korona dersom mange møter opp i butikkene samtidig, frykter fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen. – Kommunene er særlig sårbare for større smitteutbrudd nå når de står framfor et krevende vaksinering-program, mener hun.
Fall 800 meter ned fjellet Jønshorn
Søndag opplevde han det største marerittet ein fjellvandrar kan oppleve. Han var på topptur saman med Ålesund og Sunnmøre turistforening. Turen gjekk til det 1416 meter høge Jønshornet i Ørsta. Jønshornet er eit av dei høgaste fjella i området. Trond Lervik fall og sklei halve distansen ned att. I 800 meter opplevde Lervik det som om han ikkje hadde kontakt med fast grunn. I tillegg sklei han 200 meter. Til saman vart fallet på ein kilometer. Han blei skadd, men overlevde.
Lyspæren i Straumgjerde har lyst i over hundre år
Mens mange må bytte lyspære både titt og ofte, har ekteparet Ove og Solbjørg Straumsheim ei som fortsatt er i full drift etter 102 år. Den er blant de eldste i landet - om ikke verden. Lyspæra har vært til glede og nytte i seks generasjoner. Til og med Oves oldefar opplevde å se pæra lyse på stabburet. – Her skal den henge så lenge den lyser for oss og våre etterkommere, slår Solbjørg fast. VIRKER SOM DEN SKAL: Den 102-år gamle lyspæra skinner fortsatt sterkt.
Sensasjonelt funn av heidensk kulthus i Ørsta
Huset dei har funne spor etter i Ørsta, er eit såkalla gudehov. Eit hus der folk truleg dyrka og ofra til gudar som Odin og Tor. Dersom du vil høyre meir om bloting og ofring, bør du sjekke ut podkastserien Kongerekka her i NRK. Episode 3 har mykje om bloting til dei gamle gudane. Det er første gang det er funne konkrete spor etter eit hus som dette i Noreg, ifølgje Universitetsmuseet i Bergen, som driv utgravingsprosjektet. Slik kan gudehovet ha sett ut.
Når turistane ikkje lenger bankar på døra
– Alt gjekk kjempebra både i fjor og året før. Utanlandske turistar frå cruisebåtar og turbussar kjøpte kaffi i bøtter og spann då bussane tok pause til og frå vestlandske turistopplevingar, seier Kjetil Grodås. Det er vel to år sidan han lånte pengar for å oppgradere bensinstasjonen i Hornindal i Volda. – Men no er det bråstopp, seier Grodås.
Etablerer Norges første fabrikk for smittevernsutstyr
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. – Vi har vært altfor avhengig av Kina når det gjelder smittevern. Vi mener det betyr mye for sikkerheten i landet at vi får denne typen produksjon i Norge, sier Lars Einar Riksheim. Han er styreleder i det nystartede selskapet Smittevernproduksjon AS.
Låge temperaturar i mai kan få store konsekvensar for fruktnæringa
Snøen lavar ned, sjølv om kalenderen viser midten av mai. Slik har det vore i fleire dagar og utsiktene framover er heller ikkje gode ifølgje meteorologane. Det gjer Toralv Klokkehaug uroa for årets frukthaust. Han er landbrukssjef i Fjord kommune på Sunnmøre, og har i løpet av 30 år aldri opplevd noko liknande. – Dette er det mest ekstreme eg har vore borti. Det er både langvarig og sterk kulde, så eg trur mange er svært bekymra, seier Klokkehaug.
Slår ring om Atlanterhavsparken etter rop om hjelp
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. Før helga gjekk dagleg leiar Tor Erik Standal ut i Sunnmørsposten og varsla full krise. Utan hjelp, kunne dei bli nøydd til å måtte avlive dyra og legge ned parken for godt. – Vi kan ikkje halde på slik særleg mykje lenger, det er ikkje forsvarleg av omsyn til dyrevelferd, sa Standal til avisa då.
Eit knusande nederlag for storkommune på Sunnmøre
Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) drøymer om ein storkommune på Sunnmøre, men dette frieriet har folket takka nei til i dag, gjennom folkeavstemmingar. Ålesund har gått inn ein intensjonsavtale om samanslåing med Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven og Ørskog. I innbyggjerundersøkinga frå Ålesund seier fleirtalet ja til kommunesamanslåing. Dei som har blitt spurt seier at aller viktigast er det at Sula og Giske inngår i storkommunen.
Organistar kan nekte å spele i homobryllaup
Det var eit historisk vedtak då Kyrkjemøtet gjekk inn for ein liturgi for homofile bryllaup i kyrkja. Samtidig var det opna for at prestar som ikkje ønskjer det, skal kunne nekte å vie homofile, og så langt har over 260 prestar over heile landet signalisert at dei vil bruke reservasjonsretten. – Kyrkja har lang tradisjon for å legge til rette for ulike syn.
Show More
loading
Actions
Is this you?
As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.Get in touch with Sissel Beate
Contact Sissel Beate, search articles and posts on X, monitor coverage, and track replies from one place.
Learn more about Muck Rack