I Dakars gater kan ein høyre folk snakke om «Norvège» både her og der, og ikkje minst denne superspissen dei kallar «Aland». Mens dei norske og senegalesiske spelarane ladar opp til nattas kamp i New York, herskar det fotballfeber og ein solid dose sjølvtillit på motsett side av Atlanterhavet. I Senegals hovudstad er tonen alt anna enn beskjeden før møtet med Noreg. – Senegal kjem til å slå Noreg, naturlegvis. Me har eit betre lag enn Noreg. Me er nummer 14 på FIFA-rankinga, seier Kalidou Dramme.