Is this you? As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.
Claim your profile
Articles by Bård Siem
Dobla på ti år: Fleire går ut av ungdomsskulen utan karakterar
– Nokre av oss likar å sitte og skrive, medan andre lærer best praktisk, seier Sverre Myklebust Hauge (15). Han og ein gjeng tenåringsgutar i Sunnfjord er i siste kategori. No er dei utstyrte med drill i handa og konsentrerte blikk. Det som starta som ein minimodell av eit drivhus, er no blitt eit fullskala bygg som gutane har bygd. 15-åringen seier dei lærer matte betre ved å bygge framfor å bruke penn og papir. Elevane likar seg best når dei får arbeide og bruke nevane. Det siste året har 8.
Fire av ti kommunedirektørar vurderer å bytte jobb
Kommunedirektørar vurderer politisk kultur som avgjerande når dei søkjer nye stillingar. Konfliktkultur verkar negativt på rekrutteringa. Ei ny undersøking viser at fire av ti kommunedirektørar vurderer å slutte i jobben, trass i at dei trivst og er motiverte. Kommunedirektørar opplever stort press frå politikarar, innbyggarar og media, noko som krev høg integritet og sjølvstende.
Noreg manglar 34.000 arbeidstakarar: Verst i Vestland og i helsesektoren
Lill Katrin Wolff snakkar ikkje i veldig store bokstavar. – Det er litt få kollegaer her. Og eigentleg få helsefagarbeidarar, òg, seier ho forsiktig. At ho merkar arbeidspresset er ikkje så rart, for ho er i feil ende av to ferske statistikkar. Wolff er sjukepleiar på Hyllestad omsorgssenter i Vestland. Dermed er ho i både yrkesgruppa og fylket som har størst mangel på arbeidskraft. – Me er ikkje den største kommunen i verda her.
Her skal 313 personar kunne søke tilflukt
Noreg har knappe 20.000 tilfluktsrom. Mange av dei blir brukt som lager og står ikkje klare til bruk om alarmen brått skulle gå. Ein fersk gjennomgang i eit av landet mest folkerike fylke, Vestland, viser store manglar ved fylkeskommunen sine eigne offentlege tilfluktsrom. Bak ei tung ståldør finn vi Flora vidaregåande skule sitt tilfluktsrom i kystbyen Florø. Tilfluktsrommet blir brukt som lagringsplass for ulike typar utstyr. Det er ikkje plass andre stader på skulen.
Reknar med å få auka utgifter på 100.000 kr
Avgiftskutta på diesel trer i kraft 1. april for folk flest, men bøndene og anleggsbransjen må venta til etter påske. Bondelagsleiaren i Vestland meiner tiltaka Stortinget har vedteke ikkje er tilstrekkelege for å møta dei høge drivstoffprisane. Bondelagsleiaren reknar sjølv med på eit tap på 100.000 kr dersom prisane held seg på nivået dei ligg på i dag.
MDG vil skrote Atløysambandet: – Kunnskapslaust, svarar ordførar
Kostnadssprekk: Atløysambandet har auka frå 1,5 til over 2 milliardar kroner, noko som skapar debatt. MDG sitt standpunkt: Partiet meiner prosjektet er for dyrt og vil prioritere vedlikehald av vegar og skular. Lokalsamfunnet sitt behov: Øysamfunnet Atløy er utan ferje om natta, noko som påverkar både liv, helse og næringsliv. Ordføraren sin reaksjon: Han meiner MDG sitt framlegg er kunnskapslaust og peikar på at brua vil løne seg på sikt.
Foreldre i Guddal blir nekta å byte kommune frå Fjaler til Sunnfjord – må køyre ungane til skulen
Foreldre i Guddal ønskjer kortare skuleveg for borna sine og har søkt om å bli ein del av Sunnfjord kommune. Reisetida til skulen i Dale (Fjaler) er dobbelt så lang som til Sande (Sunnfjord), men foreldra må sjølv betale for skuleskyss til nabokommunen. Statsforvaltaren i Vestland har avslått søknaden om å endre kommunegrensa og meiner utfordringane må løysast gjennom samarbeid mellom kommunane.
Med hol i CV-en fann Kari fast jobb på Rema ved hjelp av Nav – Stenseng ber fleire om å ta sjansen
Kari Tyvoll fekk fast jobb etter arbeidstrening frå Nav og støtte frå ein arbeidsgjevar som våga å satse på henne. Arbeidsminister Kjersti Stenseng oppmodar arbeidsgjevarar til å tilsetje folk med hol i CV-en for å unngå å miste dyktige kandidatar. På landsbasis er det 140.000 arbeidsledige, medan det finst 90.000 ledige stillingar – ein ubalanse som må løysast. Arbeidsgjevarar si skepsis til søkjarar med hol i CV-en bidreg til at mange ikkje får ein sjanse i arbeidslivet.
Stor mangel på fagarbeidarar – elevar startar på yrkesfag men tek påbygg i staden for fagbrev
Mange ungdommar, vel påbygg framfor å fullføre fagbrev. Ein av fire elevar på yrkesfag hoppar over til påbygg, noko som fører til færre fagarbeidarar. Noreg kan mangle 85.000 fagarbeidarar innan 2035, noko som uroar både NHO og Kunnskapsdepartementet. Fleire meiner det bør bli vanskelegare å velje påbygg direkte etter VG2 for å sikre fleire fagarbeidarar. Bedrifter slit med å få tak i lærlingar, og det er for få skuleplassar for yrkesfag.
437 drepne i trafikken på norske fylkesvegar- likevel blir fylkesvegane dårlegare
Sidan 2015 til i dag har 437 mista livet på fylkesvegane i Noreg. Det er nær halvparten av alle trafikkdrepne i same periode. Ifølgje offisiell statistikk har 42 personar mista livet på fylkesvegane til no i år, dette er to fleire enn i 2024. Vestland er blant dei fylka i landet der ulukkestala er høgst. Treng 100 milliardar Fylkesvegane er ofte smale, svingete og har stort etterslep på vedlikehaldet. På landsbasis blir etterslepet rekna til kring 100 milliardar kroner.
Kristen konvertitt ventar på å bli sendt ut av landet
Vesam Heydari, ein kristen konvertitt frå Iran, skal deporterast frå Noreg etter fleire rettsrundar og avslag frå Utlendingsnemnda (UNE). • Heydari fryktar forfølging og livsfare i Iran på grunn av konvertering frå islam til kristendom, og hans aktive rolle som evangelist. • UNE meiner at Heydari ikkje er i fare fordi han ikkje har ei leiande rolle i kristne miljø og ikkje har vore i søkelyset til iranske styremakter tidlegare.
Trond Tystad stakk frå fylkesmøte for å bade for NRK: Samtidig tapte han sak han var på vippen i
– Eg håper Tystad tek til seg konsekvensane av situasjonen, seier Alexander Papas i SV. Han er blant fylkespolitikarane i Vestland som er oppgitte over Trond Tystad i Bergenslisten. Onsdag gav dei han refs for å forlate eit fylkestingsmøte for å stille i badebukse for NRK. Tystad bad om permisjon, men fekk avslag, då fylkestinget ikkje synest grunnen var god nok. Men han drog likevel.
Fråværsgrensa: Ei utfordring for kronisk sjuke i vidaregåande skul
Nye nasjonale fråværsreglar gjer det vanskelegare for kronisk sjuke elevar å unngå å nå 10-prosentgrensa for fråvær. Kronisk sjuke, som Oliver (17), får ikkje trekt frå fråvær frå første time, noko som raskt kan føre til tap av vitnemål. Vestland fylkeskommune vurderer eigne reglar som gir kronisk sjuke høve til å trekke frå fråvær frå første time ved legeattest. Kritikarar meiner reglane skapar utanforskap og stress for dei mest sårbare elevane.
Gratis barnehage og bustadstøtte lokkar tilflyttarar til kystkommunen Bremanger
Bremanger kommune har for første gong på 10 år opplevd auke i folketalet, med 31 nye innbyggjarar dei siste tre kvartala. Kommunen tilbyr økonomiske fordelar som 200.000 kroner i bustadstøtte, 30.000 i lønstillegg, gratis barnehageplass og fritidskort for barn og ungdom. Tiltaka er ein del av prosjektet «Gode Bremanger», som skal gjere kommunen meir attraktiv for tilflyttarar.
Dette er dramaet i Sogndal rundt kommunedirektør Tor-Einar Skinlo
Konflikten mellom makttoppane har ridd saftbygda i Vestland som ei mare. På den eine sida står ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap). På den andre står kommunedirektør Tor-Einar Skinlo. Tysdag kveld kan krangelen få eit slags punktum. Då skal eit ekstraordinært kommunestyremøte i Sogndal avgjere om kommunedirektør Tor-Einar Skinlo må gå frå jobben. På bordet ligg ein sluttavtale som ifølgje avisa Firda skal vere verdt over 4,5 millionar kroner.
Civita-rapport foreslår å legge ned flyplassar – meiner staten kan spare nær éin milliard årleg
Civita-rapporten foreslår nedlegging av 7–9 distriktsflyplassar for å spare staten nær éin milliard kroner årleg. Forslaget møter sterk lokal motstand, blant anna frå politikarar og reisande som meiner småflyplassane er viktige for distrikta. Berre fire av Noregs 43 flyplassar går med overskot, mens resten har store underskot som subsidieres av staten. Civita meiner nedlegging kan gi rom for betre infrastruktur, som fleire flyavgangar og forberede vegforbindingar.
Gav bort stor eigedom ved Sognefjorden i Aurland på dødsleie – no hamnar saka i retten
– Den siste viljen var at skulen skulle få dette området, seier rektor ved Sogn jord- og hagebruksskule, Børre Solberg. I mange år har dei brukt det 39 dekar store landbruksområdet ved Sognefjorden i Aurland. Her står epletrea tett i tett og frukta blir nytta av skulen. Graset som veks her går til dyra på skulen. Men no er det uvisst om skulen får halde fram å nytte området. Bonden som overtok Winjum sin gard har eit heilt anna syn på kven som eig jorda skulen disponerer. Han vil halde på jorda sjølv.
Svensk kritikk mot norsk innleige av sjukepleiarar frå utlandet
– Den rike delen av verda må ta eit større ansvar for å utdanne sjukepleiarar for å dekke landa sine eigne behov. Det gjeld ikkje minst Noreg, som er eit av verdas rikaste land. Det seier forhandlingssjef i det svenske sjukepleiarforbundet – Vårdförbundet, Mathias Åstrøm. Ferske tal frå Nav viser at Noreg manglar 3100 sjukepleiarar og at dette kan mangedoble innan 10 år. Av vel 100.000 sjukepleiarar i Noreg, kjem om lag 13.000 frå utlandet.
Over 200 tunnelar innfrir ikkje krav til tryggleik, men utbetring blir stadig stansa
Planane var store for utbetring av Magnhildskartunnelen i Sogn og Fjordane. Men prisen vart for høg. I august var det ikkje lenger lys i enden av tunnelen for prosjektet. Prisen hamna 100 millionar kroner over den vedtatte ramma på 320 millionar. – Då vi fekk inn tilboda frå entreprenørar i sommar, viste det seg at det ville bli mykje dyrare enn det vi hadde økonomi til. Vi måtte difor avlyse oppgraderinga, seier direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.
KS meiner valflesk i eldreomsorga blir umogleg å gjennomføre på grunn av bemanningskrise
Valg Partiguiden Valgomaten Sametingsvalgomaten Siste meningsmåling Alle artikler Norske kommunar slit med å rekruttere sjukepleiarar og må ty til dyre vikarbyrå. Bremanger har brukt 45 millionar kroner på vikarar dei siste to åra. Mangelen på helsetilsette gjer at valkampløfte om betre eldreomsorg ikkje blir moglege å oppfylle, meiner KS. Tal frå Helsedirektoratet viser at Noreg manglar 14.000 helsetilsette i dag. Talet kan stige til 64.000 om det ikkje blir gjort noko innan fem år.
Fylkesordføraren i Vestland er hissig etter juletre-gåve til Edinburgh – tradisjonen kan bli skrota
Vestland fylkeskommune fekk rekning på 460.000 kroner for ei juletregåve til Edinburgh, noko som har skapt sterke reaksjonar. Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) har uttrykt sinne og er i dialog med Edinburgh Fylkesutvalet i Vestland har vedteke full gjennomgang av juletregåva og alt samarbeid med Edinburgh. Frp foreslo å avslutte både juletregåva og samarbeidet, men forslaget vart nedstemt. Politikarane håpar på ein reduksjon i kostnaden.
Vestland fylkeskommune fekk rekning på 460.000 kroner for eit juletre i Skottland
Det er ikkje gull, alt som glimrar. Men det grøne, glitrande treet i Edinburgh er verd si vekt i gull. Vestland fylkeskommune har nemleg fått ein faktura på 33.312 britiske pund for ei juletre-gåve i 2024. Fylkeskommunen må altså betale nær 460.000 – fire hundre og seksti tusen – norske skattekroner. For eitt enkelt juletre, hogd i Skottland og sett opp i Edinburgh. Treet er ei årleg gåve til byen som takk for hjelpa under andre verdskrig – på same vis som Oslo sender ei julegran til London årleg.
Vestlandspolitikarane manglar 5,3 mrd. til bruvedlikehald, men vil bygge Atløysambandet for 1,8 mrd.
Fylkespolitikarane i Vestland vil bygge ei bru til Atløy, som vil koste 1,8 milliardar kroner, eller fire millionar kroner per øybuar. Vedlikehaldsbehovet på dei over 2000 fylkesvegbruene i Vestland er kostnadsrekna til 5,3 milliardar kroner. For 1,8 milliardar kroner kunne dei realisere 13 andre vegprosjekt. Fylkeskommunen har ei høg gjeldsgrad og må lånefinansiere heile summen for Atløysambandet, ifølgje fylkesadministrasjonen.
Krise for Gatehospitalet - må si opp ni ansatte og kutte kraftig i tilbud til rusavhengige
Gatehospitalet i Bergen, Frelsesarméens sykehustilbud til rusavhengige, står overfor store kutt på grunn av et underskudd på 600.000 kroner. Dette vil føre til oppsigelse av ni ansatte og redusere kapasiteten med rundt ett tusen liggedøgn for pasientene. Gatehospitalet tilbyr blant annet medisinsk pleie ved underernæring, utmattelse og helsemessig kollaps, samt pleie før innleggelse på sykehus.
Vidaregåande skular i distrikts-Noreg i fare på grunn av fallande elevtal
Ekspander/minimer faktaboks Høyanger vidaregåande skule opplever ein kraftig nedgang i elevtalet, på grunn av små fødselskull. Dette er ein trend som rammar mange vidaregåande skular i distrikts-Noreg. I Finnmark har elevtalet allereie falle med 33 prosent dei siste 10 åra. I motsetnad til dette, opplever Oslo og Rogaland ein vekst i elevtal. Lågare elevtal kan gje utfordringar med omsyn til små klassar, pedagogisk kvalitet og økonomi. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI.
Beist som går fritt rundt gjer naboane livredde
CO₂ i atmosfæren Les mer om klima 30 skotske høglandsfe har ført til bitter strid på Husevågøy i Nordfjord. 50 personar med tilknyting til øya har skrive under på eit brev der dei protesterer mot at dyra går fritt rundt. Medan gardbrukaren hevdar han blir mobba og trakassert av naboane fordi han har dyr. Begge partar har vore i kontakt med politiet, men politiet meiner Forliksrådet er ein betre stad å avgjere striden.
Kranglar om montering av havvind-turbinar
CO₂ i atmosfæren Les mer om klima Ein av Noreg sine største oljeforsyningsbasar, Fjord Base i Florø, jaktar fleire bein å stå på inn i det grøne skiftet. No vil forsyningsbasen med 700 tilsette montere havvind-turbinar. Vindmøllene på nær 300 meter skal ikkje bli ståande permanent, men vil i lange periodar vere godt synlege frå Florø by. Det har fått fleire til å sjå raudt. Hevdar all bulyst går tapt Ein av dei er Stein Malkenes.
Bønder taper millionar på at kjøtprisen går ned
Kyrne rautar og går målretta oppover mot matmor Ann Kristin Nes som ristar på bøtta med kraftfor. Vi er ytst i havgapet i Askvoll i Vestland, der kyrne går på sommarbeite. Lite veit dei firbeinte kyrne at dei over natta har vorte 45.000 kroner mindre verd. – Eg håpar at matvarekjedene reduserer prisen tilsvarande i butikkane, og at dei ikkje skummar fløyten også denne gongen, seier Nes.
Naboar blir tilbydd 1 million kroner for å godta på 285 meter høg havvind-turbin på land i Gulen
Spørsmålet om vindkraft har lagt eit slør over sommaridyllen i vesle bygda Sløvåg i Gulen ytst i Sogn. Eit av verdas største selskap, General Electric (GE), vil plassere Noregs største vindturbin i området. Havvindturbinen GE Haliade-X vil bli 285 meter høg og skal stå på land. Planen er at turbinen skal plasserast på Wergeland Gruppa sitt industriområde, og at den skal testast og sertifiserast for den opne marknaden.
Låge gassprisar sikrar reduserte straumprisar mot vinteren
Som eit kaldt gufs hugsar vi dei ekstremt høge straumprisane frå sist vinter. På det verste på slutten av fjoråret måtte vi ut med opp mot 10 kroner per kilowattime (kWh). Om vi skal tru ekspertane blir prisane historisk sett høge også komande vinter, men ikkje på same nivå som sist vinter. – Vi har det siste året gjort oss nesten uavhengig av russisk gass, og det er meir tilgjengeleg gass på marknaden. Dette har ført straumprisane nedover, seier straumekspert Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.
Vestland fylke har to svar om bru over Esefjorden
Hans Gude og tallause kunstnarar har sidan 1820-åra måla den nasjonalromantiske Esefjorden ved Balestrand i Sogn. Tyske keiser tyske keisar Wilhelm II ferierte i Balestrand 14 gonger på slutten av 1800 - og byrjinga av 1900-talet. Heilt sidan 1960-talet har det vore jobba med å realisere brua, som vil ta vekk rasfaren og redusere reisetida rundt den bratte fjorden. Men ei planlagd bru skaper no krangel, både mellom bygdefolk og ikkje minst mellom tilsette i Vestland fylkeskommune.
Lokalavis seier nei til rikspolitikarar
– Det gir oss veldig lite og det ligg ikkje til vårt samfunnsoppdrag å springe etter rikspolitikarar i lokalvalkampen, seier redaktør Sven Arne Vee. Lokalavisredaktøren i Kinn kommune er lei av rikspolitikarane som dreg på turné for å kaste glans over eigne lokalparti. Han meiner dei sjeldan kastar særleg lys over lokalpolitiske utfordringar og at utspela ofte har lite substans.
Elektriske fly mellom Bergen og Førde
Dette kan vere løysinga for ei ny utsleppsfri flyrute mellom Førde og Bergen. Konseptet blir presentert som eit av fleire alternativ i ein fersk rapport utarbeidd av Transportøkonomisk Institutt (TØI). Forskarane slår fast at planane kan la seg realisere og at flyruta kan få stor regionalpolitisk betydning for heile Vestlandet. Håpet er at både næringslivet og sjukehusa vil kunne nytte flyruta.
Yrkesfag-kampanje har ført til "prekær" plassmangel
Det som tidlegare var glisne klasserom, har blitt til utdanningar med ventelister og plassmangel. – Yrkesfag fungerer litt annleis enn vanleg skule og er meir praktisk arbeid, men eg trivest kjempegodt, seier Elina Lien Bruås (16). Ho går første året på elektro på Laksevåg og Bergen Maritime vidaregåande skule. Sebastian Avila Kaland (16) nikkar. – Mange er lei vanleg skule, men her er det meir variert arbeid, seier han. På yrkesskulen deira er det dobbelt så mange søkjarar som plassar.
Kan ikkje bruke norske sjøfolk fordi skipa ikkje køyrer langt nok
– I tre år har vi banka på dørene til finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Finansdepartementet med uroa vår, men ingen har tatt grep. No hastar det. Tor Arne Borge er administrerande direktør i Kystrederiene. Arbeidsgjevarorganisasjonen hans representerer nærare 9000 norske sjøfolk. Grepa han siktar til, handlar om endringar i det såkalla distansekravet. For å ha rett på ein skattefordel, det såkalla sjømannsfrådraget, må to av tre turar sjøfolk seglar på eit år vere over 55 kilometer.
Ber statsministeren sikre brannfarlege tunnelar
«Jeg er overlevende fra brannen i Gudvangatunnelen i august 2013, og opplevde at dersom jeg ikke gjorde noe, så ville kona mi, våre tre døtre og jeg, dø». Slik startar Einar Morland (58) brevet til statsminister Jonas Gahr Støre. Les heile brevet nedst i saka. Morland og kona Laila er sjokkerte over at over 200 norske tunnelar framleis har utildekt PE-skum. PE-skum er svært brannfarleg og ekspertar fortel at det fungerer som «bensin i fast form».
Kraftige reaksjonar på at Stad skipstunnel blir sett på pause
Stad skipstunnel skulle etter planen opne i 2026. Kystverket si siste analyse viser ein auke i kostnadsramma på 74 prosent. Venta kostnad er auka frå 3,4 milliardar kroner til 5,6 milliardar kroner. Kostnadsramma er auka frå 4 milliardar til 7,1 milliardar kroner. I lys av dei nye tala ber regjeringa Kystverket sjå om det er råd å kutte kostandane i prosjektet. Beskjeden kjem på dagen to år etter at Stortinget vedtok å bygge tunnelen. Då røysta berre MDG mot.
Brannfarlege tunnelar
Dei gråe og svært brannfarlege mattene med PE-skum ligg klistra inn til tunnelveggen i Naustdalstunnelen på riksveg 5 i Sunnfjord. – Skrekkscenarioet er at det skal skje ei trafikkulukke og at mattene tek fyr, seier Øivind Helle, beredskapssjef i Sunnfjord kommune. Saman med NRK er han på synfaring inne i den 6 kilometer lange tunnelen. Nokre av mattene er dekte til med eit tynt lag sprøytebetong. Andre er ikkje dekte til i det heile. 350 meter av tunnelen har brannfarlege matter på vegger og tak.
200 tunnelar har brannfarleg PE-skum i taket
Dei gråe og svært brannfarlege mattene med PE-skum ligg klistra inn til tunnelveggen i Naustdalstunnelen på riksveg 5 i Sunnfjord. – Skrekkscenarioet er at det skal skje ei trafikkulukke og at mattene tek fyr, seier Øivind Helle, beredskapssjef i Sunnfjord kommune. Saman med NRK er han på synfaring inne i den 6 kilometer lange tunnelen. Nokre av mattene er dekte til med eit tynt lag sprøytebetong. Andre er ikkje dekte til i det heile. 350 meter av tunnelen har brannfarlege matter på vegger og tak.
Ny rapport: Ferje er alltid betre for klimaet enn ny bru
Er det klimavenleg å erstatta ferjer med bruer og undersjøiske tunnelar? Det har tilhengarar og motstandarar av ferjefri motorveg langs E39 på Vestlandet krangla om lenge. No viser ein ny rapport at bruer som erstattar langt mindre trafikkerte ferjestrekningar, gir negativ klimaeffekt i førti år. – Me kan ikkje bygga bruer som me veit vil gi større klimagassutslepp enn ferjedrift.
Nytt rekordår for skogeigarane uroar miljøorganisasjonar
Skogeigarane har det bra om dagen. For andre året på rad melder Norges skogeigarforbund om rekordsal av tømmer i fjor: 5,8 milliardar. Dette er ein auke på 15,8 prosent frå 2021. – Lønnsemda er god på grunn av høge tømmerprisar og statstilskot. Vi sit att med kring halvparten av tømmerverdien, seier Svein Fjørtoft, grunneigar i Nordfjord. Kjell Åshamar er skogbruksleiar i AT Skog Vestland. Han legg til at noko av grunnen til auka er at Noreg har satsa på utbygging av veg.
Risikoen for å bli drepen i trafikken varierer kraftig mellom fylka
Ved Rivedal i Askvoll kjempar 32 år gamle Natalia Kolås med tårene. For første gang sidan trafikkulukka er småbarnsmora tilbake på ulukkesstaden. Fylkesveg 609 er glatt og køyreforholda skumle. Slik dei også var i januar i fjor, då Kolås frontkolliderte med ein lastebil. Ho knekte begge armane og fekk hofta ut av ledd. Berre flaks gjorde at ho ikkje omkom. Sonen Raphael (6) sat i baksetet. – Heldigvis vart han ikkje skadd. Det var det viktigaste, seier ho.
Nytt håp for geiteflokken i Sogn
– Det viktigaste for oss er dyrevelferda til geitene, seier Gro Eliassen, avdelingsleiar i Mattilsynet. Ho fortel at dei no ser på saka på nytt, og at geitene likevel kan få leve dersom nokon kan ta skikkeleg vare på dei. – Dette er spesielt viktig i samband med fødslar eller dersom dyra er sjuke eller skadde, seier Eliassen. Men det er ei stor utfordring ved det heile: Geitene er ikkje tame, noko som gjer det svært vanskeleg å kome nær dei.
Her kjem Europas første fabrikk for grøn ammoniakk
Investorar og politikarar var i dag i Skipavika for å presentere planane for ein ny, grøn ammoniakkfabrikk. I alt vil den første grøne ammoniakkfabrikken i Europa koste 4 milliardar kroner. Eigarane varsla samtidig planar for ein endå større fabrikk i Korgen i Nordland. Skipavika Næringspark ligg tvers over fjorden for Mongstad-raffineriet. Målet er å produsere 100.000 tonn utsleppsfri ammoniakk, som i sin tur skal brukast som drivstoff for å avkarbonisere den norske skipsfarten.
Sponsing av unge vaksne skaper press på tannlegane
Frå 1. januar det offentlege tannhelsetilbodet kraftig utvida. Staten skal no dekke halvparten av tannlegerekninga heilt fram til fylte 26 år. Tidlegare har staten berre dekt tannlegeutgifter fram til fylte 20 år. Den nye ordninga har ført til fleire pasientar, og fleire tannlegekontor rapporterer om alvorleg mannskap- og plassmangel. – Per i dag er vi ikkje heilt rusta til å ta imot. No ser vi på ulike moglegheiter og kor vi kan auke opp talet på stillingar, seier Agnete Norheim Kaldestad.
Ny utsett frist for oppgradering av tunnelar
Stramme budsjett og auka kostnader gjer at fristen for å kome i land med å utbetre over 200 tunnelar i Noreg nok ein gong er utsett. – Svært tvilsamt, meiner Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk. Fagsjefen pratar om den nye utsetjinga av fristen for oppgradering av vegtunnelar på fylkesvegnettet. Sjølv om det er låg risiko for tunnelulukker i Noreg så kan dei få fatale konsekvensar. Johansen, og resten av Trygg Trafikk fryktar konsekvensane av ei ulukke i ein tunnel.
Iransk konvertitt er ikkje kristen nok – får ikkje opphaldsløyve i Noreg
– Dette er umenneskeleg og audmjukande. Livet mitt er øydelagt, seier Vesam Heydari. Han ser ned i bibelen han held i handa. 43-åringen sit i senga i den åtte kvadrat store hybelen på Stord. Berre nokre dagar har gått sidan han fekk den nyheita: Høgsterett sitt ankeutval slår fast at han ikkje får behandla saka si på nytt. For kvar dag som går kjenner den iranske konvertitten på ei gnagande frykt for å bli send tilbake til heimlandet.
Norsk solindustri mot stupet utan meir statleg støtte
Noreg har mista over 1000 arbeidsplassar i solkraftindustrien dei siste åra. Kroneksempelet er REC Solar som på det meste hadde 1.300 tilsette. No er berre eit par hundre igjen på fabrikkane på Herøya og i Kristiansand, og dei fleste av desse er permitterte. I Årdal i Sogn viser fabrikksjef Arnt Erik Henjum stolt fram det moderne utstyret dei brukar i produksjonen av høgeffektivt utstyr til solcellepanel.
Klimavennlege hurtigbåtar vil koste fylket 100 millionar kroner ekstra i året
Frå 2026 skal fire heilt nye hurtigbåtar langs kysten sørge for eit utsleppskutt tilsvarande 8500 personbilar. – Vi er fremst i landet på dette, seier avdelingsdirektør i Vestland fylkeskommune, Jostein Fjærestad. Men det kostar å tenke grønt. Prislappen? 1,5 milliardar kroner. Det er pengar Vestland fylke må finne i sitt eige budsjett og kan gå utover pengebruken på for eksempel fylkesvegar eller vidaregåande skular.
Mange kokkelærlingar blir mobba på arbeidsplassen
– Det er ikkje bra å høyre at kokkelærlingar blir mobba på jobb, seier Martin Vie. Han er sjølv kokkelærling på Pikant mat- og vinhus i Førde og er travelt opptatt med førebuing av mat. Sjølv har han aldri opplevd mobbing og han likar seg godt på Pikant. Men han har høyrt om andre kokkelærlingar som har opplevd ubehagelege ting på jobben. – Enkelte har fortalt at det er mykje stress og at dei har fått kjeft, men det har ikkje vore direkte mobbing.
Show More
loading
Actions
Is this you?
As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.Get in touch with Bård
Contact Bård, search articles and posts on X, monitor coverage, and track replies from one place.
Learn more about Muck Rack