Is this you? As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.
Claim your profile
Articles by Øyvind Berge Sæbjørnsen
Karsten Warholm opna Karsten Warholm stadion
I dag var det opningsfest for Karsten Warholm stadion i Ulsteinvik. Mannen som no har fått ein stadion oppkalla etter seg i ein alder av 30 år, var sjølvsagt på plass for å markere opninga. – Det var heilt fantastisk. Og å få gjere det med så mange grøne drakter og dei unge lovande. Oppmøtet vi har er rørande, seier Warholm. Også kjende namn som Amalie Iuel, Henriette Jæger og Sander Aae Skotheim er på plass.
Vil sjå på regelverket for utleige av fritidsbåtar
På Averøya høljar regnet ned, og fleire utanlandske fisketuristar ligg inne i fjorden og fiskar, i le for vinden. At fire turistar som la ut på fisketur fredag føremiddag aldri kom tilbake, pregar heile miljøet. Politiet vurderer fortløpande om dei skal ta opp att søket etter dei omkomne. Berre ein av dei fire er så langt funnen. Kystvakta søkte i timevis etter dei fire personane som var sakna. Båten deira vart funnen tom.
Her vil investor bygge heis inne i fjellet
I store stimar går cruiseturistane dei 418 trappetrinna frå Ålesund sentrum til byfjellet Aksla. Dei som ikkje vil gå, set seg i staden på turisttoget, eller bestiller drosje. Men biltrafikken har skapt kaos og farlege situasjonar for dei som bur langs ruta. NRK har tidlegare fortalt om småbarnsfaren som ikkje torer sleppe barnet ut åleine i turistsesongen. Bytrappene frå Ålesund sentrum er svært populære. No kan det bli heis i fjellet for dei som ikkje vil gå.
Her er det slutt på at matrosen dirigerer bilistane om bord i ferja
Over heile kysten sørgar ferjer for at folk kjem seg til og frå arbeid og fritidssyslar. Men fleire stader er det snart slutt på den tida der ein myndig matros dirigerer bilistar på rett plass på ferjedekk. For første gang i Noreg køyrer bilistane om bord i ferja ved å følgje lyssignal på store tavler over dekk. Det skjer på sambandet mellom Ålesund og Sykkylven. Anne-Lise Langlo seier det går veldig bra å følgje pilene på skilta som viser veg inn på ferja. Ho saknar ikkje gamle dagar.
Klaga på konkurrenten – satt inn «gamle vrak» på verdsarvfjorden sjølv
Dei nye klimakrava til regjeringa har utløyst full konflikt i Geirangerfjorden. Vestlandske Trafikk klaga inn Fjord1 for å bruke dei eldre dieselferjene «MF Veøy» og «MF Bolsøy». Kort tid etter sette Vestlandske sjølv inn to gamle dieselferjer («MF Ullensvang» og «MF Røsund») på den same strekninga. Talet på dieselferjer i verdsarvfjorden har dermed dobla seg. Fjord1 meiner det er dobbeltmoralsk av konkurrenten å klage dei inn, når dei gjer det same sjølv.
Dag Steinsvik har satt opp tribune hjemme i stua i Ålesund til fotball-VM
– Dette er noe jeg vil at guttene skal huske, så vi måtte rigge litt skikkelig til, sier Dag Steinsvik. I anledning fotball-VM har han nemlig bygget en tribune av paller midt i egen stue i Ålesund. Det er pyntet med norske flagg og supporterskjerf. I tillegg henger det et stort bilde av herrelandslaget på veggen. Dag Steinsvik synes det er kjekt å skape VM-stemning hjemme i stua. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK Mandag kveld er tribunen fylt opp med ungdommer som vil se fotball.
Fugleinfluensa på fuglefjellet: – Kan gi grobotn for utbrot
To gråmåsar på fuglefjellet Runde i Møre og Romsdal har fått påvist fugleinfluensa av typen H5N1. Biologar ved Runde Miljøsenter fann dei døde fuglane i mai, men prøvesvara kom først nyleg. Forskarar seier funnet ikkje gir grunn til stor alarm, men at fuglekoloniane bør følgast ekstra nøye i hekkesesongen. Seniorforskar Ragnhild Tønnessen ved Veterinærinstituttet åtvarar om at funn i ein fuglekoloni kan gi grobotn for seinare utbrot.
Her vil dei redde laksebestanden
Laksebestanden i Vartdalselva på Sunnmøre er kritisk låg, og det er nødvendig å bygge han opp att. Skuleelevar frå Herøy og Ålesund vidaregåande skule deltek i prosjektet ved å legge lakserogn i elva. Prosjektet er eit samarbeid med Veterinærinstituttet og er viktig for å sikre framtidig laksebestand. Ungdommens deltaking er avgjerande for å skape interesse og engasjement for bevaring av vassdrag. Prosjektet gir elevane verdifull læring om laksens livssyklus og betydninga av levande vassdrag.
Stadig fleire nye kor, men dei eldre og godt etablerte slit
Mannskoret Dovre sliter med å rekruttere yngre sangere til koret. Mange oppgir tidsmangel og andre prioriteringer som årsak til at de ikke deltar i kor. Norges Korforbund bekrefter at eldre kor generelt har utfordringer med å tiltrekke seg yngre medlemmer, delvis på grunn av etablering av nye kor med yngre målgrupper. Formannen og medlemmene i mannskoret Dovre har forsøkt ulike tiltak, som konserter med damekor, for å rekruttere yngre menn.
Tolegrensa for infrastruktur på dagar med mange cruiseturistar i Ålesund er nådd
Ålesund har dei siste åra blitt eit svært populært turistmål og ein stor cruisedestinasjon. I tillegg kjem hotellgjestar og dei som bur privat og på camping. Fleire dagar sommarstid går folk i kø i dei tronge bygatene og det er kaos i trafikken. – Det er nesten ikkje råd å bevege seg om somrane lengre. Det har blitt altfor mykje, meiner Einar Slåttelid. Han har vakse opp i Ålesund og nyt den snødekte byen, som berre har nokre få turistar på besøk i dag.
I Valldal i Fjord kommune har politiet innført politi i butikk for å vise at dei er der
I Valldal på Sunnmøre har politiet etablert «Politi i butikk» for å vere meir synleg i små bygder. Tiltaket gjer det enklare for innbyggjarar å komme i kontakt med politiet i kvardagen. Ordføraren i Fjord kommune har også ei liknande ordning, der ho møter innbyggjarar i butikk for å få innspel. Innbyggjarar og forskarar meiner tiltaket kan styrke tilliten til politiet og byggje relasjonar. Politibetjent Karl Idar Vik har fått fleire innspel frå bygdefolk, blant anna om trafikkproblem.
Skorfaste utanlandske turistar redda ut av luftambulansen frå fjellet Sukkertoppen i Ålesund - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Måndag ettermiddag melde to turistar at dei stod fast på Sukkertoppen i Ålesund. Dei begynte på nedstigninga frå toppen på vestsida, den såkalla «Tyskarstien», då dei fekk problem. Det var eit ungt par frå Gdansk i Polen. – Vi gjekk opp den vanlege ruta, og alt gjekk bra, men så bestemte vi oss for å gå ei anna rute ned. Terrenget var veldig vanskeleg, seier Filip. Turistane heiter Ola (til venstre) og Filip frå Polen.
Mowi meiner dei har løyst problemet med avrenning frå laksetransport – inviterer bransjen med
– Det er berre eit tidsspørsmål før me potensielt kan få alvorlege ulukker som følgje av avrenning, seier Roy H. Holm i Vegvesenet. Kvart år køyrer vogntog på vogntog laks ut av Noreg. Fisken er nøye pakka i isoporkassar, nedkjølt med is. Men når isen smeltar renn blodig vatn og fiskeslim ut av kassane og ned på norske vegar. Avrenning frå fisketransport på vinterføre. Foto: privat Det kan gi sleipe vegar om sommaren og glatte vegar om vinteren.
AaFK Kvinner starta oppkøyringa til Toppserien onsdag, med nytt namn, trenar og divisjon
AaFK Kvinner er tilbake i trening etter juleferien og førebur seg til Toppserien. Laget har fått nytt trenarteam med Martin Lindmark som hovudtrenar. Laget er no fullt integrert i Aalesund Fotballklubb, med nytt namn: AaFK Kvinner. Rivalen Molde FK er også i Toppserien. Sportsleg leiar Ruben Aalberg meiner fusjonen og den nye trenaren vil styrke klubben. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Mange handlar julegåver i siste liten på Moa - forbrukarøkonom Thea Olsen anbefaler handleliste - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
På kjøpesenteret Amfi Moa i Ålesund stressar mange rundt for å fikse det aller siste. Ein av dei er Terje Hopland, men han prøver å kose seg i butikkane. Han er nesten i mål med julegåvene, og kan skrive under på at menn er seinare ute med gåver enn kvinnene. – Vi menn har vel ein tendens til å utsette det til siste liten, smiler Hopland. Metoden han brukar er ein kombinasjon mellom impulshandling og planlegging.
Ove Rørvik og Ina Giske reagerer på at Svea Fireworks har fått lov til å skyte opp rakettar før jul
Fyrverkeritesting i Ålesund skapar reaksjonar blant naboar, dyrevernarar og dyreeigarar. Hundeeigar Ina Giske uttrykkjer frustrasjon over korleis fyrverkeri påverkar dyr, miljø og menneske. Nabo Ove Rørvik meiner oppskyting på søndagar bryt med prinsippet om heilagdagsfred. Svea Fireworks forsvarar oppskytinga som naudsynt for opplæring av salspersonell og peikar på at fyrverkeri er ei lovleg vare. Dyrebeskyttelsen Norge kritiserer avgjersla og meiner fyrverkeri kan føre til frykt og panikk hos dyr.
Statens vegvesen er godt i gang med utfylling av Borgundfjorden - ny bydel skal skape 200 bustadar
Den 60 år gamle Sjøgata i Ålesund sentrum må erstattast, og ein ny veg skal byggast. Kipervika blir fylt med steinmasse frå eit tunnelprosjekt og skal bli ein ny bydel kalla Sørsida. Sørsida vil inkludere over 200 bustadar, arbeidsplassar, serveringstilbod og ein havnepromenade. Arbeidet blei forsinka på grunn av gyteperioden for kysttorsken i Borgundfjorden, men prosjektet er no i rute. Etter jul vil arbeidet halde fram med omsyn til torsken, utan arbeid i sjøen.
Magnar Lillestøl vil ikkje ha reinseanlegg på Moltufjellet - blir truleg nedstemt av politikarane - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Torsdag ettermiddag avgjer politikarane i Herøy den betente saka om plasseringa av eit nytt reinseanlegg midt i eit fjellområde med kystlynghei og verneskog. Målet er å produsere reint drikkevatn og sende det i store slangar over fjorden til naboøyane og kommunesenteret Fosnavåg. Men grunneigarar og bygdefolk på Moltustranda protesterer. Dei meiner reinseanlegget burde vore bygd nærare mottakarane.
Nytt kollektivknutepunkt ved sjukehuset i Ålesund skal gjere det enklare for folk å kome fram
Ny sykkelveg, kollektivknutepunkt og parkeringshus opna ved Ålesund sjukehus. Passasjen parkering er universelt utforma og fungerer som hovudinngang mellom busstoppet og sjukehuset. 600 parkeringsplassar er tilgjengelege, med moglegheit for utviding. Ny busshaldeplass skal gi betre effektivitet og mindre forseinkingar for kollektivtrafikken. Mesteparten av vegen frå busshaldeplassen til sjukehuset er no under tak, noko som skal forenkle tilkomsten for passasjerar.
Brattvåg IL kan rykke opp til 1. divisjon i opprykkskamp mot Moss - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Spelarane i gult og blått kan snart skape eit aldri så lite fotballmirakel. Brattvåg kan sikre eit historisk opprykk til 1. divisjon når dei skal møte Moss laurdag. – Det er kult. Det er stort. Eg har vore i klubben i mange år no og eg veit veldig godt kor mykje dette betyr for både for bygda og dei som er i og rundt klubben, seier midtbanespelaren Tobias Flem. Ekkel stadion Brattvåg tapte 2-1 for Moss førre helg, men Flem har trua på at dei skal kunne slå Moss på heimebane.
Tina Hoel vil flytte til bygda Valldal i Fjord, men finn ingen stad å bu
Eit stort kvitt bygg ruvar over Tina Hoel. For nokre år sidan blei bygget midt i Valldal sentrum på Sunnmøre bygt om til leilegheiter. Lysa i vindauge er sløkt. Leilegheitene blir brukt til feriehus. I over eit år har Hoel prøvd å finne plass å bu i bygda. Men ho er ikkje åleine om å ville ha bustad i feriebygda. – Draumen er å finne eit lite hus i Valldal, og bu der med barna. Det trur eg draumen til mange, seier Hoel. No føler ho seg pressa ut, fordi ho ikkje finn plass å bu.
Har funne upublisert materiale av Ivar Aasen på Solnør gaard på Skodje
På Solnør Gaard på Skodje i Ålesund, har dei ei unik samling av bøker, tidsskrift og anna. Noko av det stammar frå 1500-talet. Her har dei også funne dokument som stammar frå nynorskens far, Ivar Aasen. Han budde nemleg på denne garden i sju år, frå 1835 til 1842. Han jobba då som lærar for dei seks barna til kaptein Ludvig Daae, som eigde garden på den tida. – Det er overveldande, det som vi finn her. Vi visste vel ikkje at det var så mykje den dagen vi tok over.
Sysselsettinga i sjømatnæringa har bikka 100.000 - større på leverandørsida enn i produksjonen
2023 blei eit rekordår for norsk sjømatnæringa. I 2024 går verdiskapinga ned i sjølve næringa, men verdiskapinga for ringverknadane aukar. Det viser årets Nofima-rapport om ringverknadane til norsk sjømatnæring. Medan verdiskapinga frå fiskeri, havbruk, og fiskeindustri hadde ei samla verdiskaping på 69 milliardar kroner, hadde leverandørane ei verdiskaping på 70 milliardar kroner.
Verftsnæringa posisjonerer seg for å få bygge standardiserte fartøy for forsvaret - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Mange norske verft blei skuffa då regjeringa valde Storbritannia som samarbeidspartnar for nye fregattar i august. For til dømes verfta til Vard og Ulstein betyr dette at dei ikkje får vere med på å bygge fregattane, sidan dei var avhengige av avtalar med andre land. Verftsindustrien krev politisk hjelp: – Vi ser at kundane våre er meir usikre Rustar opp Men Sjøforsvaret skal ruste opp enda meir. 28 nye høgteknologiske fartøy skal inn i flåten til Sjøforsvaret innan få år.
Planar om verdas lengste zipline skapar splid blant folk i Rauma
Romsdalen AS planlegg å bygge verdas lengste zipline på 3,3 km mellom Nesaksla og Isfjorden. TV-profil og lokalpolitikar Gaute Grøtta Grav kallar prosjektet ein «ekstremt dårleg ide» og meiner plasseringa er feil. Romsdalen AS meiner zipline vil styrke reiselivet i Rauma. Rauma-ordførar Yvonne Wold meiner naturen i seg sjølv er ein stor attraksjon, men opnar for at fleire reiselivsprodukt kan vere positive. Kommunestyret skal ta stilling til planinitiativet torsdag 6. november.
Politiet rykket ut til Ålesund vidaregåande skole etter melding om skadeverk.
Fredag morgon rykte politiet ut til Ålesund vidaregåande skole på Volsdalsberga. Dette på grunn av skadeverk. – Det er snakk om fleire knuste ruter. Vi har ein patrulje på staden som gjer undersøkingar, sa Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, i 08.00-tida. Fleire bilar skal også ha fått skader. Søkte etter gjerningspersonen Politiet har fått inn melding om observasjonar av ein person som kan stå bak skadeverket.
Elever reagerer på kutt av øremerkede midler i skolehelsetjenesten i statsbudsjettet
– Det er så mange elever som har det vanskelig, og som ikke får hjelp når de blir skikkelig syke. Nå må skolehelsetjenesten konkurrere om penger med mange andre tjenester. Det sier Tale Maria Krohn Engvik som ikke liker endringene som er varslet. Frykter større forskjeller I dag får skolehelsetjenesten og helsestasjonene egne, øremerkede midler fra staten.
Kampen om delikatessen er i gang
Blå himmel og blikkstille hav. For Karl Johan Giske er det en god dag å starte fisket etter hummer i sjøen utenfor Valderøya. Klokka 08 onsdag gikk startskuddet og det gjelder å komme seg raskt ut. – Det er om å gjøre å sikre seg plassene, sier Giske med et lurt smil. Han blir kalt «høvdingen av hummerfisket» av likesinnede naboer på Valderøya. Men noe av det viktigste er å sikre at teinene ikke forsvinner i sjøen. Og da må vedlikeholdet tas på alvor. – Det er mye pjask.
Internasjonale søkartal opp 27 prosent – amerikanske Liv Hedstrøm til folkehøgskule i Noreg
Det var særleg éin ting som overraska Liv Hedstrøm då ho kom til Noreg frå for første gong. – Ingen hilsa på kvarandre. Heime er det vanleg å seie hei og smile, sjølv til dei du ikkje kjenner. Her var det heilt annleis, fortel 18-åringen. Ho kjem frå Minnesota i USA, og sjølv om namnet hennar kan tyde på noko anna, er verken mor eller far frå Noreg. Då Hedstrøm gjekk på vidaregåande tok ho eit utvekslingsår i Oslo der ho lærte seg norsk.
Potetfestival på Gjermundnes vidaregåande skule skal setje poteta i søkjelys
Elevane på Gjermundnes og Rauma vidaregåande skular har dyrka fire tonn poteter som del av eit samarbeidsprosjekt. Målet er å gi elevane innsikt i matproduksjon og praktiske ferdigheiter, frå planlegging til opptaking. Prosjektet vert avslutta med ein potetfestival for å setje fokus på poteta og norsk mattradisjon. Lærar Svein Gunnar Rydjord meiner poteta er allsidig og undervurdert, og håpar festivalen kan auke interessa for potetbruk.
I Valldal og Ringsaker plukker ein jordbær i 30 varmegrader. Varmerekorden påverker arbeidar og bær
Temperaturen i Valldal har passert 30 grader, noko som har skapt store utfordringar for jordbærbøndene og plukkarane. Den intense varmen gjer at bæra modnar raskt. På Nes i Ringsaker rekk ein ikkje å plukke bæra før ho blir gammal. Arbeidsdagen er tilpassa varmen, med tidlege morgonar, siesta midt på dagen og arbeid utover kvelden. Vass-spreiarar og pausar ved sjøen hjelper til med å kjøle ned både folk og bær. Bøndene håpar på ein meir balansert sesong neste år, utan ekstrem varme eller regn.
Jordbæra i Valldal på Sunnmøre kom seint i år, men nå er dei i gang med plukking hos Håkon Myklebust
Jordbærbygda Valldal på Sunnmøre er kjent for dei søte jordbæra sine. I gode år kan det komme rundt 800 tonn med jordbær frå den vesle bygda. Men i år har bøndene fått ein litt tregare start enn dei hadde venta. – Eg tenkte vi skulle vere i gang for ei god veke sidan. Det er vêret som vi har hatt, det har vore mykje nedbør, og det har slakka ned modninga, seier jordbærbonde på Monsgarden i Valldal, Håkon Myklebust. Trass i sein start er han ikkje bekymra for jordbærsesongen.
Jervebestanden aukar og bøndene slit: – Vi er meir på kadaversøk enn tilsyn
Øvst oppe i jordbærbygda Valldal held Hans Martin Gjedrem, saman med dei mange sauene og lamma han eig. Men flokken hans vert stadig mindre og mindre. – Det er ein fortvilt situasjon. Vi byrjar å verte vande til det, men det slit meir og meir på motivasjonen og det skaper frustrasjon, seier bonden. Gjedrem seier at han i år har mista tre sauer og 38 lam til rovvilt. Dei siste åra har han og fleire sauebønder i området opplevd ei stor auke i dyr som vert tekne av jerv.
Besøksrekord ved mange skisenter i påska
– Det er heilt kanon. Det er Sogndal-Brann gonger fem, seier driftsleiar Kim André Navarsete. Frå fredag i palmehelga til og med andre påskedag runda Sogndal skisenter Hodlekve nesten 20.000 besøkjande. «Den soleklart beste påska» nokon gong for skisenteret i Sogn. Strålande sol og gode snøforhold har lokka folk til skiheisane, løyper og bakkar. Det har ført til rekordtal i fleire skianlegg i påska.
Ventar kraftige kutt i ferjetilbodet
– Eg blei heilt sjokkert då eg høyrde at ferjekaia skal leggast ned. Dette osar av ein ekstrem arroganse, seier Njål Sivertstøl. For eit par år sidan flytta siviløkonomen og familien frå Oslo til heimkommunen Vanylven. Det gjorde to andre barnefamiliar også. Sivertstøl jobbar i Ålesund og fleire gongar i veka pendlar han med ferja. Turen tar fire timar tur/retur. No er ferjekaia på Åram foreslått lagt ned og då blir turen forlenga med ytterlegare 50 minutt.
Øyelege Frode Gaustad i Giske mener skolen bør bruke mindre skjerm fordi flere får øyeplager
Etter at skolene begynte å dele ut skjermbrett til elevene, har øyelege Frode Gaustad fått flere yngre pasienter med problemer som før var forbeholdt voksne. De trenger hjelp til behandling av såkalte «data-øyner». – Før skrev vi nesten aldri ut kunstig tåreveske til barn. Nå er det helt vanlig. Smerter, uklart syn, og dårlig søvn Ifølge legen er øynene til barn spesielt følsomme, særlig om de utsettes for påkjenning over lang tid. Skjermbruken fører til sammensatte problemer.
Skal være med på å styrke sikkerheten helt opp til Nordpolen
– Det er spesielt å være her og døpe dette skipet, når vi er i den mest alvorlige sikkerhetspolitiske situasjonen på lang tid. Det sier justisminister og gudmor Emilie Enger Mehl i talen sin, før hun knuser en champagneflaske i siden på det nye kystvaktfartøyet. Nesten tre år etter byggestart er skipet ferdig og klar til å tas i bruk av Forsvaret. Et skip som er bygd for å gjøre alle oppgaver som Kystvakten har, og som er spesialdesignet for å operere i nordområdene.
Tvungen mekling i barnehagestreiken: Liselle Lausund i Ålesund håper streiken tar slutt
Mandag forrige uke møttes partene i den pågående barnehagestreiken til frivillig mekling hos Riksmekleren, men til ingen nytte. Streiken fortsatte, og over 3600 barnehageansatte er nå i streik. I dag, tirsdag, er det klart for tvungen mekling mellom partene. – Jeg håper det kommer en løsning, sier Liselle Lausund fra Ålesund. Prøver å få kabalen til å gå opp Småbarnsmoren forklarer at de på fredagene får vite hvilke dager dattera Melie (3) får være i barnehagen den kommende uka.
Bompengebelastninga i Noreg aukar - NAF ber politikarane bremse
I morgonrushet i Ålesund er Roar Pedersen på veg til jobb. I alle år har det vore gratis å køyre inn til sentrum, men no er det slutt. Ålesund har fått ein bypakke, og bilistane må vere med å betale prisen. – Det er veldig trist. Dette er ein gråvêrsdag på alle måtar. Dette har vi kjempa i mot, men no skjer det, seier Pedersen som har engasjert seg i kampen mot bompengane. Prisen på jobbreisa er firedobla Ifølgje Transportøkonomisk institutt har den samla bompengebelastninga i Noreg auka kraftig.
Bøndene på Eide på Nordmøre har ikkje tatt førsteslåtten etter sommar med rekordmykje regn
– I dei 25 åra eg har lagt bak meg som bonde har eg aldri opplevd ein sommar med så mykje nedbør, seier fylkesleiar for Noregs Bondelag, Konrad Kongshaug. På Skarset i Hustadvika merkar bøndene godt at det har vore vått. Kyrne vassar med gjørme opp til knea. Traktoren står på vent. – Det er trist å sjå korleis her ser ut no. Til vanleg er det tørt og fint, seier bonde Hilde Kjersem Kolberg. Og når sola ein sjeldan gong gløttar, set dei ikkje av tid for siesta.
No opnar turistvegane: - Fire meter høge brøytekantar
I dag er 19 fjellovergangar og strekkjer spesielt utsette for vêrforhold vinterstengde. Men det skal bli betre. Fredag 29. april klokka 08 opnar Nord-Europas høgste fjellovergang, Sognefjellet, etter fem stengde månader. Den første tida blir det nattestengingar. – Vi er ikkje heilt der. Målet var 1. mai, men det er meldt snø att. Det er vel sagt opning 5. mai, seier Olav Birger Hæreid, ein av to som ryddar Tindevegen mellom Øvre Årdal og Turtagrø for snø.
Bygda slo seg sammen – bygger butikk på dugnad
– Bygdefolket er «fole» interessert i få beholde butikken sin. Det som også er rundt en butikk er fryktelig viktig for bygda. Det sier Roy Dahle. Han er en av de mange som er med på dugnaden for å få en matbutikk til bygda si. I dag har bygda en kiosk på ferjekaia som også selger matvarer. Men da det ble klart at den etterhvert ville forsvinne, valgte bygdefolket å satse. – Bygdefolket er fryktelig flinke til å stille opp når det skjer noe.
Nytt sprøytemiddel skal redde jordbæra
Spesielt soppen gråskimmel er eit stort problem i jordbærproduksjonen. Det er dette grå laget med mugg som dannar seg på bæra viss du sparar på dei litt for lenge. For å få bukt med denne, blir det brukt store mengder plantevernmiddel. Soppen gjer seg nemleg resistent, og ein må heile tida sprøyte på nytt for å få den vekk. – Det er ein vond sirkel. Eit slags våpenkappløp, seier forskar Atle Wibe, ved Norsk senter for økologisk landbruk.
Foreldre i Ålesund nektar å sende barna sine på skulen
Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten. Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider. Smitten i Ålesund aukar, og elevar frå fleire skular er i karantene. Totalt har 37 personar testa positivt dei siste dagane. Også ved Volsdalen skole er det smitte og sjølv om sonen til Marit Herø Ulla ikkje er i karantene, held ho 4.-klassingen heime dei to siste dagane før påske. Det gjer også fleire andre foreldre.
Vil bygge Noregs største oppdrettsanlegg for laks i nedlagt gruve på Sunnmøre
– Vi satsar på å bli Noregs største oppdrettsanlegg, seier Roger Hofseth, dagleg leiar i World Heritage Salmon Ved innløpet til Sunnylvsfjorden, som vidare tek deg inn til Geirangerfjorden, finn du eit gamalt gruveanlegg dei no håper å bruke til lakseoppdrett. Det er World Heritage Salmon som står bak satsinga. Planen er å utvide dei nedlagde gruvene som ligg i Røbbervika, og bygge oppdrettsanlegget inne i fjellet. Det vil også gi mange lokale arbeidsplassar.
Show More
loading
Actions
Is this you?
As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.Get in touch with Øyvind Berge
Contact Øyvind Berge, search articles and posts on X, monitor coverage, and track replies from one place.
Learn more about Muck Rack