Is this you? As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.
Claim your profile
Articles by Øyvind Sandnes
Jakob tenner på terrenget for å hindre katastrofe
– Det er ein fem tusen år gammal tradisjon, men vi forsøker å blåse liv i flammane, seier Jakob Hustad. Med raude kanner fylt med diesel og bensin går han rundt og tenner på terrenget med vilje. Snart ligg røyken tungt over Bjørnøya i Haram. Hustad held kurs i lyngbrenning, som nesten er blitt ein gløymt kunst. Før sette bøndene fyr på lyngen for at det skulle vekse opp frisk og næringsrik lyng til beitedyra.
Kommunen sa ja til oppdrettsanlegg, no kan dei snu
Lokalpolitikar Øyvind Espe (SV) er på fisketur på den djupe fjorden i Volda. Nettopp djupna og straumane gjer fjorden egna til fiskeoppdrett. Det er fem oppdrettsanlegg her, og no vil eit selskap starte kveiteoppdrett i tillegg. – Naturen har ikkje ei stemme sjølv, seier Espe. Espe er skeptisk og fryktar at fjorden vert overbelasta. Han huskar tilbake på sjokket då 87.000 oppdrettstorsk rømte i Volda i 2022. – Vi ser ikkje det som skjer under vassoverflata.
Irene (61) vil leve
Foto: Øyvind Sandnes / NRK For Irene Mjelde er to ting sikre: Ho skal døy, og ho vil ha tilgang til ein ny medisin som gir ho håp. Men det har ho ikkje. – Det er vondt å forlate alle eg er glad i. Irene Mjelde har fått ein dødsdom: Den sjeldne nervesjukdommen ALS. Ein sjukdom utan kur. Ho set seg til rette i ein stor, lys sofa i heimen sin i Ålesund. På fanget har ho ei lita maskin som liknar eit nettbrett. Det einaste synlege beviset på at ho er sjuk.
Senterpartiet vil fjerne avgift for fiskeflåten: – Bakstreversk
– Det er tungt å måtte betale denne avgifta. Vi må konkurrere mot utanlandske fartøy som fiskar i same område som oss, men som slepp avgifta. Bård Erik Nyvoll er skipper på fiskebåten «K Nyvoll». I løpet av sesongen blir det lange turar ut til fiskefelta på jakt med snurrevad. Båtane er avhengige av drivstoff. Dei bruker marin diesel som eigarane må betale CO₂-avgift for. Det finst ikkje så mange alternativ. Bård Erik Nyvoll er skipper på fiskebåten «K Nyvoll.».
Kritiserer kulturplanen i Ålesund: – For meg heilt ulogisk
I atelieret sitt i kunstnarfellesskapet Aggregat i Ålesund er Karin Augusta Nogva snart klar for haustutstillinga i Oslo. Ho er sjokkert over innhaldet i den nye kulturplanen. Både ho og kollegaene hennar meiner den manglar ein tydeleg satsing og investeringsvilje i kulturen. – Eg saknar at politikarane er med, til dømes med å seie at dei vil legge til rette for verkstad, studio, og produksjonsstadar for kunstnarar, seier Nogva.
Sender rein kraft ut av landet: – Ein stor vits
Hydrogenfabrikken på Hellesylt fortviler over myndigheitenes dispensasjonar frå nullutsleppskravet i verdsarvfjordane. 8 reiarlag har fått lov frå Sjøfartsdirektoratet til å framleis segle med dieselferjer i Geirangerfjorden. Utbygging av straum og ladeanlegg for batteriferjer har vist seg å vere svært krevjande i området, noko som vert brukt som grunngjeving for unntaka. Fabrikkeigarane meiner hydrogen kunne vore nytta både som alternativ til batteri, og som overgangsløysing i påvente av straumen.
Var ikke tilrettelagt rullestolbrukere - felt for diskriminering
Ålesund kommune er felt av Diskrimineringsnemnda fordi Volsdalen barneskole ikke oppfylte kravene til universell utforming. Saken ble klaget inn av Likestillings- og diskrimineringsombudet i 2024, blant annet fordi skolen ikke var godt nok tilrettelagt for rullestolbrukere. Skolen har gjort mange utbedringer og til skolestart skal heis også være på plass. Rektor og ombudet mener saken viser behovet for en helhetlig plan for oppgradering av eldre skolebygg i Ålesund kommune.
Rutetidene på hurtigbåten blei som frykta – Jan tør ikkje flytte til det nybygde huset sitt
Dei 12 øybuarane på Store Hamnsund på Sunnmøre er heilt avhengige av hurtigbåt for å kome seg inn til byen Ålesund på arbeid og fritidssyslar. Den siste tida har det igjen vore uro rundt båttilbodet. I dag blei det nye rutetilbodet kjent, og fleire avgangar på kveld og helg er kutta heilt. – Det er veldig dårleg. Her går det jo ikkje an å bu, seier Jan Huse (60). Han fortalde nyleg til NRK at han har bygd eit designhus til mange millionar saman med kona, men ikkje tør å flytte inn i det store huset.
Fryktet soppsykdom har spredd seg i jordbæråkeren: – Som en dødsdom
Bonden Peter Arne Døving må legge ned jordbærdriften i Valldal etter over 50 år, som følge av at han har tapt rundt 70 prosent av avlingene sine. Dette grunnet både rød marg og jordbærsnutebille i åkeren. Den uhelbredelige soppsykdommen rød marg dreper jordbærrøtter, og kan overleve i jorda i minst 15 år. Smitten har rammet minst 12 bærprodusenter i landet, og det rettes skarp kritikk mot Mattilsynet for at situasjonen ikke ble fanget opp og varslet om tidligere.
Politiet kan hente ut folk frå kyrkjeasyl med makt: – Trist at det blei slik
I fleire hundre år har kyrkja vore ein heilag stad der ingen skulle gå inn og hente folk med makt. Sist veke blei tradisjonen broten då politifolk gjekk inn og henta Suel Kassembo frå kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. Det skjedde i fred og ro, og utan bruk av vald, men Kassembo hadde ikkje anna val enn å bli med ut frå kyrkja. – Eg synest det er trist at det blei slik. Vi hadde håpt at det skulle ende annleis, men vi visste jo at det kunne skje, seier sokneprest Solfrid Leinebø Seljås.
Filip (10) og Teodora (8) fekk roller i gullpalmefilm: – Det var litt kult
– Eg var den minste på settet, men dei var veldig snille med meg. Teodora Sabina Barau (8) frå Tennfjord på Sunnmøre har vore med på noko svært få får oppleve. Ho fekk rolla i ein film som har vunne ein av dei gjævaste filmprisane i verda. Teodora Sabina Barau spelar Judith i filmen «Fjord». Fotografi: Øyvind Sandnes / NRK Filmen «Fjord» vann Gullpalmen under filmfestivalen i Cannes. I filmen har Teodora rolla som Judith. Ho er dotter til Lisbet som blir spelt av filmstjerna Renate Reinsve.
Demonstrerer for Kassembo: – Dei er nøydde til å gjere noko
– Eg håpar at politikarane vil sjå engasjementet til folk og forstå at dei er nøydde til å gjere noko. Kaja Runde i støttegruppa «Rettferd for Suel» er ein av fleire personar som har samla seg framfor Stortinget i dag. Ho er der for å støtte Suel Kassembo, som nyleg blei henta av politiet si utlendingseining, då han har opphalde seg ulovleg i Noreg i over 20 år. Ho meiner Kassembo bør få bli i landet, og at styresmaktene har tatt feil i å skulle sende han ut.
Kyrkjeasylanten blei henta av politiet - i dag tok han eksamen
Onsdag var det inga bønn for Suel Kassembo, som har budd ulovleg i Noreg i meir enn 20 år. Politiet henta han ut av kyrkjeasylet i Herøy og sende han til Politiets utlendingsinternat på Trandum. – Det er vanvettig kor mange som engasjerer seg. Folk synest det er sjokkerande, seier Heidi Fagna. Ho sit i støttegruppa og opplever ei massiv støtte. Folk har sett i gang innsamlingsaksjon og planlegg også demonstrasjon utanfor Stortinget.
Her skulle Jan-Gunnar på sommarfiske – no ser det slik ut
Kraftselskapet Tussa tappa ned Nysætervatnet med 5,5 meter for å produsere straum, noko som har skapt sterke reaksjonar blant hytteeigarar og friluftsfolk. Ordføraren i Sykkylven og lokale innbyggarar meiner kraftselskapet burde ha stoppa tappinga tidlegare, og kritiserer dei for å tøye intensjonsavtalen. Tussa forklarer nedtappinga med underskot på energi i Norden og Europa. Lokale hytteeigarar er uroa for korleis nedtappinga vil påverke fiskelivet i vatnet.
Nesten 13.000 cruiseturistar til Ålesund på éin dag – MDG vil ha maksgrense
– Vi er veldig overraska over at det er så mykje folk her. Dette er jo litt overveldande. Eddy og Wilma Vos er frå Nederland og har reist på cruise til Noreg. No har dei gått i land i Ålesund. Og dei er ikkje åleine. To cruiseskip har allereie lagt til kai onsdag føremiddag. Ein tredje båt er venta seinare på dagen. Eddy og Wilma Vos frå Nederland er overraska over straumen av turistar. Foto: Øyvind Sandnes / NRK Det er til saman nesten 13.000 turistar på dei tre skipa.
Jublar ikkje over jordbruksoppgjeret: – Det er stillstand for vår del
– Det er klart det er nervepirrande. Viss vi feilar, så har vi ingenting igjen. Absolutt ingenting. Ungane har ikkje noko hus, og vi har ingen jobb å gå til, seier Ann Mari Bjørnøy. Saman med ektemannen Olav driv ho mjølk- og kjøtproduksjon på øya Fjørtofta på Sunnmøre. Skulle dei drive, var dei nøydd til å investere. Her i den topp moderne fjøsen står rundt 300 storfe, der over 50 av dei er mjølkekyr. Men å utvikle garden har kosta, og paret måtte setja alt i pant. – Det er blodslit.
No opnar Trollstigen for trafikk
Brøytemannskapa har jobba på spreng for å gjere vegen over Trollstigen klar for trafikk. Det store spenningsmomentet har vore vêret. Men det har vore ein vinter der vêrgudane stort sett har vore på brøytemannskapa si side. – Vinteren har vore snill med oss i år. Før påske var det nesten heilt bart på vegen. Utfordringa har vore den snøen som kom i påska, seier byggjeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune. No i helga var det igjen varsla snø. Og snøen kom.
Jan Huse bygde hus på Store Kalvøy, men no blir hurtigbåttilbodet redusert
Jan og Ragnhild Huse bygde eit arkitektteikna hus på Store Kalvøy, men tør ikkje flytte dit på grunn av kutt i hurtigbåttilbodet. Politikarane har vedteke å redusere båtrutene for å spare pengar, noko som gjer pendling og helgebesøk vanskeleg. Dei fastbuande på øya fryktar fråflytting og at det vesle samfunnet blir øydelagt. Ordføraren meiner kutta er ei katastrofe, men avviser at kommunen har ansvar for kollektivtilbodet.
Flere unge har blitt forsøkt rekruttert til voldsoppdrag
Ungdomskriminaliteten øker, og volden blant ungdom blir grovere, viser ny rapport fra Møre og Romsdal politidistrikt. Politiet har oppdaget rekrutteringsforsøk på sosiale medier, kjent som «Violence as a service». Foreldre oppfordres av politiet til å være årvåkne og følge med på barnas digitale aktiviteter. Politiet i Møre og Romsdal oppklarer en høy prosentandel av straffesaker, men sliter med mishandling i nære relasjoner og voldtektssaker. Cyber- og økonomisk kriminalitet er et voksende problem.
Kommunen brukte gravemaskin på skogen ved turistattraksjon
Kommunen har fått kritikk for å ha etterlate rot etter skogrydding på byfjellet Aksla i Ålesund. Leiar i Aksla vel, Arnstein Eide, meiner arbeidet burde vore gjort meir skånsamt og ryddig. Aksla vel har sjølv tatt på seg å rydde opp etter kommunen. Kommunen vedgår at arbeidet ikkje blei gjort på ein tilfredsstillande måte, og legg seg flat for kritikken. Turgåarar reagerer på at området ser slurvete og uferdig ut etter ryddinga.
Fryktar nytt kjempekraftverk skal rasere elva
Nær halvparten av norske vasskraftverk treng opprusting og fornying for milliardar av kroner, ifølgje NVE. Målet er ei meir effektiv og stabil straumforsyning. Eitt av kraftverka Statkraft no søker om å få ruste opp, er Aura kraftverk frå 1953. Nye Aura II på Sunndalsøra på Nordmøre vil bli eitt av dei største kraftverka i Noreg, målt i effekt. Les også: Statkraft vil bygge nytt Aura kraftverk til 6 milliardar kroner. Aura Kraftverk ligg inne i fjellet på Sunndalsøra.
Stort militærprosjekt gir nye arbeidsplassar: – Vi har annonsar ute allereie
Kongsberg Defence and Aerospace og Salt Ship Design vann konkurransen om å designe 28 nye skip for det norske sjøforsvaret. Designarbeidet vil føre til fleire arbeidsplassar, spesielt ved Kongsberg sitt kontor i Ålesund. Kontrakten har ifølgje NTB ei ramme på 20,9 millionar kroner, og målet er å skape ein ny «NATO-standard» for allierte land. Det første skipet er planlagt levert i 2030, men det er framleis uklart kven som skal bygge skipa. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI.
Ole Mathias Brænde (21) frå Volda brukte mesteparten av tida si på gaming - kurs frå Nav endra alt - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Ole Mathias Brænde frå Volda gjekk frå skulevegring og gaming til å lære programmering gjennom kurset «Kodehode». Kodehode er eit seks månadar langt intensivkurs som hjelper unge utanfor arbeidslivet med å lære grunnleggande programmering og få arbeidserfaring. Kursleiar John-Arne Lillebø understrekar at deltakarane lærer raskt og at kurset har stor samfunnsverdi. Forsking viser at deltakarane opplever meistring, sosial tilhøyrsle og motivasjon til å bidra til samfunnet.
Keeper Kristoffer Klaesson vil bli AaFK si nye målvakt i Eliteserien
Den 25 år gamle målvakta har vore med på mykje, trass i sin relativt unge alder. Han har fleire landskampar for aldersbestemte landslag med Noreg, og i 2021 blei han proff i Leeds i England. Sidan den gongen har han vore både i Polen og Danmark, før han blei Viking-spelar før fjorårssesongen. No er altså AaFK den nye stoppestaden hans. – Det er ein spennande klubb. Med trenarar som eg kjenner har skikkeleg tru på meg. Så eg trur vi kan få til noko gøy, seier han om kvifor han valde sunnmørsklubben.
Grunneigarar tapte strid om småkraftverk i Eidsetelva i Volda i Lagmannsretten - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Småkraftverket i Eidsetelva i Dalsfjorden i Volda gir nok straum til 344 husstandar. No har striden rundt straumproduksjonen blitt ein verkebyll. For i 2004 inngjekk dei avtale med selskapet Småkraft AS om utbygging av det tidlegare private småkraftverket. I ettertid har dei kome til at avtalen var så dårleg at dei gått til rettssak. Men dei vann ikkje fram og er no dømde til å betale over 1,7 millionar i sakskostnader.
Treng 100.000 fagarbeidarar innan 2030 ifølge NHO - lærlingane på Borgund er svært attraktive - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
På Borgund vidaregåande går mange av dei elevane bedriftene treng mest i åra som kjem. Det er næringslivet fullstendig klar over, og kampen om haustens lærlingar har alt starta. – Det er ein deileg følelse å vite at dei vil ha oss, og at vi slepp å gå og leite sjølve, seier Daniel Standal. Denne veka var Veidekke og Volvo på plass med lastebilar, konkurransar, gravemaskinsimulator og informasjon om kva dei kan tilby lærlingane.
Nye utsleppskrav gjer at passasjerbåtar og ferjer ikkje får segle fritt i verdsarvfjordane lengre
Frå 1. januar 2026 er det ikkje lenger tillate for passasjerbåtar og ferjer å segle i Geirangerfjorden utan å oppfylle nullutsleppskrav. Regelverket skal sikre berekraftig turisme og ta vare på verdsarvfjordane. Ferjer og passasjerbåtar må byggjast om til elektrisk drift, og nye ladetårn er under oppføring, men dette tar tid. Krava for cruiseskip kjem ikkje før i 2032, men etter det kan det bli full stopp om ikkje ny teknologi er på plass.
Vinjar Vedde fann fuglearten rørdrum i Langevåg på Sunnmøre - ein sjeldan fugleart å sjå i Noreg - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Vinjar Vedde fann ein sjeldan fugl, rørdrum, død og frosen i Langevåg på Sunnmøre. Rørdrum er ein fugl frå hegrefamilien som vanlegvis ikkje hekkar i Noreg og sjeldan blir observert så langt nord. Fuglen vart dokumentert i Artsdatabanken og har vekt interesse blant både museum og fugleentusiastar. Naturhistorisk Museum har vist interesse for å ta imot fuglen, som kan bli ein del av samlinga deira.
Molde i sorg etter at Åge Hareide døydde
Torsdag kveld blei det kjent at Åge Hareide, ein av Noreg sine største fotballpersonligheiter gjennom tidene, er død. Heime i Molde, der Åge Hareide både var spelar og trenar i mange år, er det mange som sørgar i dag. Hareide hadde over 200 kampar for Molde og var trenar då klubben tok sitt aller første cupgull i 1994. På stadion til Molde er flagget på halv stong og det er tent lys i resepsjonen ved eit bilete av Hareide.
Statens vegvesen er godt i gang med utfylling av Borgundfjorden - ny bydel skal skape 200 bustadar
Den 60 år gamle Sjøgata i Ålesund sentrum må erstattast, og ein ny veg skal byggast. Kipervika blir fylt med steinmasse frå eit tunnelprosjekt og skal bli ein ny bydel kalla Sørsida. Sørsida vil inkludere over 200 bustadar, arbeidsplassar, serveringstilbod og ein havnepromenade. Arbeidet blei forsinka på grunn av gyteperioden for kysttorsken i Borgundfjorden, men prosjektet er no i rute. Etter jul vil arbeidet halde fram med omsyn til torsken, utan arbeid i sjøen.
FAU ved Giske ungdomsskule sluttar med personleg gåve til læraren
FAU ved Giske ungdomsskule har bestemt at lærarar ikkje skal få personlege julegåver frå elevar og foreldre. I staden blir det gitt ei fellesgåve til lærarrommet, som inkluderer alle tilsette. Målet er å unngå økonomisk press blant foreldre og sikre rettferdigheit mellom lærarane. Det nasjonale foreldreutvalet (FUG) støttar låge, frivillige og like gåver for å unngå ulikskap og økonomisk press.
Aalesunds Fotballklubb kan rykke opp til Eliteserien om dei unngår braktap mot Bryne
AaFK møter Bryne torsdag 11. desember i ein avgjerande kamp om opprykk til Eliteserien. Aalesund har eit sterkt utgangspunkt etter 4–0-sigeren i første kamp. Over 6000 tilskodarar har sikra seg billett til kampen, noko som motiverer spelarane. Assistenttrenar Geir Frigård understrekar at laget må prestere sitt beste og vere offensive. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering. – Eg har tru på at vi skal klare det.
Medikamentfritt tilbod på DPS Vegsund kan bli lagt ned- Lisa Lorentze Fausa Ramsvik fekk hjelp - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Unikt medikamentfritt behandlingstilbod i Ålesund har hjelpt mange pasientar med psykiske utfordringar. Tilbodet gir heilskapleg behandling med psykologtimar, gruppetimar, fysioterapi og friluftsaktivitetar. Helse Møre og Romsdal må spare 350 millionar kroner, og behandlingstilbodet står i fare for å bli lagt ned. Tidlegare pasient Lisa Lorentze Fausa Ramsvik meiner tilbodet var avgjerande for hennar framgang og kallar nedlegginga meiningslaus.
Nytt kollektivknutepunkt ved sjukehuset i Ålesund skal gjere det enklare for folk å kome fram
Ny sykkelveg, kollektivknutepunkt og parkeringshus opna ved Ålesund sjukehus. Passasjen parkering er universelt utforma og fungerer som hovudinngang mellom busstoppet og sjukehuset. 600 parkeringsplassar er tilgjengelege, med moglegheit for utviding. Ny busshaldeplass skal gi betre effektivitet og mindre forseinkingar for kollektivtrafikken. Mesteparten av vegen frå busshaldeplassen til sjukehuset er no under tak, noko som skal forenkle tilkomsten for passasjerar.
Ein av Noregs eldste møbelfabrikkar, Langlo, er konkurs - bustyrar håper på ny drift i lokala - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
– Det er trist, det er vanskeleg og det er litt håplaust, seier verneombod Torkel Kvinge Tande ved bedrifta Langlo AS. I november fekk dei 40 tilsette ved det som var ein av Noregs eldste møbelfabrikkar beskjed om at det var slutt. Verneombod Torkel Kvinge Tande ved ei av maskinene han har jobba med. Foto: Øyvind Sandnes / NRK Arbeidsplassen som har overlevd to verdskrigar er konkurs. Det var ein tøff beskjed å få. – Det påverkar så mange personar og familiar.
Noah Arntsen vil ikkje ha basseng i Brattvåg sentrum- fryktar skulekutt
Det gamle bassenget i Brattvåg er frå 70-talet og har berre litt vatn att. Til vanleg får elevane i Haram kommune svømmeopplæring her, men no er bassenget stengt på grunn av skader og vatnet blir tappa ut. – Eg vil svært gjerne ha nytt basseng. Men eg vil at det skal byggast billegast mogleg, seier Noah Arntsen (Frp). Fleire stader i landet slit kommunar med økonomien etter bygging av basseng. I Bodø kosta bassenget nesten ein halv milliard kroner, med få besøkande.
Elevar på hybel ved Rauma vidaregåande skole får fadderfamilie
Rauma vidareåande skule tilbyr fadderordning for hybelbuarar på den landsdekkande friluftslinja Bratt. Fadderfamiliar inviterer elevane på middag og gir praktisk støtte, som skyss og hjelp i kvardagen. Ordninga gir tryggleik og sosial støtte til unge som bur langt heimanfrå. Forskning viser at unge hybelbuarar kan føle seg einsame og ha behov for vaksenkontakt. Fadderordninga er inspirert av Longyearbyen og er eit unikt tiltak i Noreg. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI.
Slik meiner Tomra konfeksjon og Tøye at det skal bli enklare å reparere klede i staden for å kaste - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Tøye-prosjektet i Sykkylven vil forlenge levetida til sportsklede og redusere avfall gjennom reparasjon. Tomra Konfeksjon samarbeider med 20 sportsbutikkar og tilbyr gratis reparasjon i prosjektperioden. Reparasjonssenteret spesialiserer seg på sportsklede og jobbar for å gjere prosessen rimeleg og effektiv. Billige klede og høge reparasjonskostnadar skaper tøff konkurranse for prosjektet. Målet er å skalere opp prosjektet, skape fleire arbeidsplassar og få fleire sportsbutikkar med på laget.
Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår å innføre eit tillegg på 50 kroner på ferjene
Ferjedrifta i Møre og Romsdal er kraftig underfinansiert. For å hjelpe på den økonomiske situasjonen foreslår fylkeskommunedirektøren å innføre ein sommartakst. Det betyr at reisande kan kome til å måtte betale 50 kroner ekstra per tur. – Bakgrunnen for forslaget er at det skal ha ei avvisingseffekt på tilfeldige reisande på ferjene. Vi har ein sommartrafikk som skaper utfordringar knytt til kapasitet på ferjene, særleg på gratissambanda, seier Jesper Wiig, samferdselsdirektør.
Helge Storøy må flytte fordi det skal byggast ny bru til Remøy og Runde i Herøy kommune - NRK Møre og Romsdal - Lokale nyheter, TV og radio
Det er velhalde rundt det store, gule huset på Remøyholmen i Herøy. Her i havgapet har Helge Storøy og kona Else alt dei treng, med storslått utsikt mot brua og fiskebåtar som køyrer forbi. Og alle bubilane og turistane som skal til fuglefjellet Runde. – Det er no rart med det at når du er fødd på ein plass og blitt vant med å bu der, så er det klart at du gror fast på plassen, seier Helge Storøy. Denne veka vedtok fylkespolitikarane at det skal byggast ny bru der den gamle står.
Familien fekk bu gratis i Geiranger: – Sjølvsagt vil vi bli!
Familien Mergan-Vergote frå Belgia flytta til Norddal gjennom Arctic Digital Nomads Stipend og har bestemt seg for å bli verande. Prosjektet tilbyr gratis opphald i ein til tre månader for digitale nomadar, og målet er å få fleire til å busetje seg i bygda. Over 1300 søknadar har kome inn til årets stipend, noko som har overgått forventingane. Familien har engasjert seg i søknadsprosessen og håper fleire vil gjere som dei.
Marius Remmem fekk kulturpris – no er enorme mengder skog øydelagt av ekstremvêret «Amy»
På gardstunet ved Remmem gard plukkar dei framleis glasbrot og takplater som ramla ned i helga. Marius Remmem og Linn Kristin Hestad på Marstein i Romsdal vakna klokka 03.30 natt til laurdag av at heile huset rista. – Det var eit inferno, rett og slett, seier Remmem. For få dagar sidan vann dei kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal. Dei driv rundt 1000 dekar jordbruksareal, fordelt på 21 bruk.
Ingeborg Sletta på Sogge i Isterdalen får ikkje støtte i kravet om lågare fart opp mot Trollstigen
Småbarnsmora Ingeborg Sletta har søkt om å redusere fartsgrensa frå 80 km/t til 50 km/t ved huset sitt ved Sogge, Rauma, men fylkeskommunen har avslått søknaden. Trafikkmålingar viser at snittfarta på strekninga er under 60 km/t, noko fylkeskommunen brukar som eitt av momenta for avslaget. Ingeborg og naboane uttrykkjer stor uro for tryggleiken til borna langs vegen, som har høg trafikk på grunn av turismen til Trollstigen.
I eit tiår har politikarar kjempa for nytt Ålesund fengsel
Valg Partiguiden Valgomaten Sametingsvalgomaten Siste meningsmåling Alle artikler «Johannes» har sona halve dommen sin i det som blir rekna som eit av dei verste fengsla i Noreg. – I begynnelsen var det ille. Då låste dei oss inne i opptil 19 timar om dagen, seier han. Det er ikkje alle som veit at han sit i fengsel. NRK har derfor valt å gi han namnet «Johannes». I fleire år har fengselet han bur i stått øvst på prioriteringslista over fengsel som burde bli nye. Ingenting har skjedd.
Morellene på Lingebakken gård må beskyttes mot regn og dårlig vær
– Det har vært mye regn og lave temperaturer, så det ble sein modning i år. Det sier sjette generasjons fruktbonde ved Lingebakken gård Elida Brenna Linge. Midten av juli har vært preget av tropenetter og temperaturer over 30 grader i store deler av landet. Da er det lett å glemme at våren var kald, våt og stormfull i Møre og Romsdal. Selv om det ikke blir nok et rekordår for fruktbonden holder hun humøret oppe.
Køyreskule er lei av å reparere gamle bilar med manuelt gir
Under panseret på BMWen har det vore reparasjonar for 60.000 kroner og når lyktene snart må bytast ut kostar det fort like mykje. Rekninga blir ikkje dekt av garantien fordi bilen er for gammal. – Det er dyre komponentar på bilane og fakturaen vi får frå verkstaden blir berre større og større, seier trafikklærar Kjell Erik Rotevatn. Han jobbar både ved Skårbrevik køyreskule og Rotevatn køyreskule. Det er mange år sidan han kunne kjøpe ein ny bil med manuelt gir hos bilforhandlar i Noreg.
Rekordhøge kaffiprisar påverkar kaffibrenneriet Jacu i Ålesund
På råvarebørsen i New York har arabica-kaffi vore omsett for over 4,38 dollar per pund – det høgaste nivået nokon gong. Det tilsvarer om lag 46 kroner for ein halvkilo. I tillegg kjem kostnadar til frakt og logistikk for å frakte kaffien frå produsentlanda til Noreg. Frå november i fjor til februar steig råvareprisen med over 140 prosent. I butikkhyllene over heile landet er kaffiprisane høgare enn på fleire tiår.
Jordmødrer på Ålesund sjukehus er bekymra for bemanningssituasjonen i sommar
Jordmødrene på Ålesund sjukehus opplever stor slitasje grunna låg bemanning, hyppige ekstravakter og overtid. Dei fryktar at pasientsikkerheita kan bli truga, då dei ikkje alltid kan gi kvinnene den oppfølginga dei har krav på. Jordmødrene understrekar at dei gjer sitt yttarste for å vareta pasientane, men meiner fleire tilsette er nødvendig for å løyse situasjonen. Leiinga i Helse Møre og Romsdal erkjenner at situasjonen er krevjande, men bekreftar ikkje at bemanninga er for låg.
Ålesund kommune godkjente ulovleg veg like ved verna vassdrag i myr
Ein ulovleg veg vart bygd ved Svartløkvatnet på Sunnmøre, eit verna vassdrag, utan godkjenning frå grunneigar eller kommune. Skogselskapet, som eig området, valde å søkje godkjenning for vegen i staden for å anmelde saka. Ålesund kommune godkjente vegen utan å vurdere konsekvensane for naturen, i strid med naturmangfaldlova. Naturvernforbundet klaga på vedtaket, og Statsforvaltaren slo fast at godkjenninga var ugyldig.
Handballklubben Aksla IL signerer både Joachim Ben Khelfa Østergaard og Robert Hedin
Med mål om å nå toppen i norsk handball, har Aksla IL henta inn danske Joachim Ben Khelfa Østergaard og svenske Robert Hedin til den nye trenartroppen. Førstnemnde har vore i handballklubben Molde Elite og Molde HK. Han blir hovudtrenar for klubben. Hedin har blant anna vore landslagssjef for Noreg og USA, og er no landslagssjef for Bahrain. Den jobben skal han kombinere med å vere med i trenarteamet til ålesundsklubben. – Det er kjempestort.
Show More
loading
Actions
Is this you?
As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.Get in touch with Øyvind
Contact Øyvind, search articles and posts on X, monitor coverage, and track replies from one place.
Learn more about Muck Rack