Is this you? As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.
Claim your profile
Articles by Tale Hauso
No byrjar kampen for nærbutikkane
– Misser vi butikken, misser vi det viktigaste samlingspunktet vårt, seier Laila Lien. Nærbutikken er viktig for ho og sambygdingane hennar i Naustedalen. Som for mange andre lokalsamfunn, er butikken noko meir enn lokala dei reiser til for å handle. Det er den viktige møteplassen. Limet i bygda. – Det er ikkje berre butikken og maten. Det er Ann Karin som jobbar her. Det er kafeen. Ja, vi har alt på ein plass, seier Lien. Kuttar 39 millionar Det bryggjer opp til kamp om nærbutikkane.
Håkon (8) trilla fotballen frå Bergen til Voss
Ideen til turen kom i sommar på ein ferietur på Sørlandet. Håkon og pappa Sindre låg på graset og snakka om Guinness-rekordar og kor langt det eigentleg var mogleg å gå medan ein sparka ein fotball. Då fann han ut at han ville sparka ballen sin frå Bergen til Voss i haustferien sin. Den 2. oktober starta turen frå Åsane Arena i Bergen. Fredag kom han fram til Voss, med over 100 kilometer i beina.
Over 250 tonn marint avfall fjerna frå fjordane
Frå dei ytste øyane til dei inste fjordarmane har folk rydda frå land, frå båtar og dykkande under vatn. Ryddeaksjonen Rein Hardangerfjord har blitt arrangert for femte året, medan Rein Sognefjord har hatt ryddeaksjon i tre år. Store regionale ryddeaksjonar som har vore organisert av stiftinga Framtidshavet. Målet med aksjonane har vore å samla inn mest mogleg marint avfall og plast langs heile fjordsystema i løpet av éin enkelt dag. Og ein ser at ryddinga har gitt resultat.
Historisk bra sommar: Aldri før har fleire overnatta i Noreg
Med paraply, regnjakke og eit stort smil om munnen nyt den britiske turisten utsikta til Steinsdalsfossen i Norheimsund. – Vêret er ikkje så annleis enn London eigentleg, seier Frances Kwong. Sjølv om turistnæringa budde seg på ein dårleg sesong tok rekordmange utanlandske turistar turen til Noreg i sommar. Årets vêrsommar har vore ein av dei verste på ti år. Trass regn og grå himmel valde Kwong å legge ferien til Noreg og Vestlandet i år. – Eg ville sjå naturen, fossar og fjordar.
Mange vegrar seg for å bruka denne nødtelefonen
No har Statens vegvesen lansert Noreg sin første undervisningstilhengar for tunneltryggleik. Idéen til undervisningstilhengaren «Trygg i tunnel» kom frå brannvernleiar Kjetil Larsen etter ni år på Vegtrafikksentralen i Bergen. Der såg han gong på gong at bilistar i nød i tunnelar gjorde same feilen når uhellet var ute. – Tallause gonger har eg sett folk med motorstopp eller branntilløp gå bort og sjå på nødutstyret, før dei snur seg, går vekk og heller tek opp mobilen for å ringa.
Her rotnar frukta på bakken
I ein pause mellom regnbyene viser fruktbonde Liv Sollesnes fram frukthagen i Hardanger. – Her heng det masse igjen. Plommer som kunne vore brukte. I år heng halvparten av plommene igjen på trea, dei er rett og slett for små til at det er bryet verdt å plukke dei. – Dei dett jo av etter kvart. Som du ser så ligg det mykje på bakken også. Etter kvart skin det opp og sola kjem også fram, men diverre for seint til å berge plommeavlinga i år.
Dette ugraset spreier seg – dødeleg for hest og storfe
Ein gjeng står med arbeidshanskar og bossekkar og riv opp røtene til dei gule blomane. Eidfjord kommune er ein av fleire kommunar som har oppmoda innbyggjarane til felles dugnad for å fjerna den giftige planta landøyda. Ugraset har dei siste åra har spreidd seg i eit urovekkjande tempo langs heile norskekysten - men også kome heilt inn fjorden. – Det er tilfelle der hestar rett og slett har døydd av landøyda.
Her plukkar kunstig intelligens ut dei finaste morellane – finn ting auga ikkje ser
På fruktlageret til Hardanger Fjordfrukt på Utne rullar morellane i høgt tempo over sorteringsbanda. Ved sidan av står dagleg leiar Solveig Botnen og følgjer med på ein skjerm som viser bilete av morellar frå alle moglege vinklar. Kunstig intelligens har for alvor gjort sitt inntog i fruktnæringa. Inne i ein eigen kameraboks blir kvar enkelt morell fotografert i eit svimlande tempo. – Det blir tatt 34 bilete av kvar einaste morell, seier Botnen.
Fekk arkitektforslag frå heile verda i Jon Fosse-konkurranse
Arkitektteikningar og skisser ligg spreidde utover. Rundt står ein jury som har fått litt av ein jobb. Etableringa av eit formidlingssenter for Jon Fosse sin unike forfattarskap tek no eit stort steg framover. Då fristen gjekk ut i juli låg det heile 182 anonyme konseptskisser på bordet. Jon Fosse er ein verdskjent forfattar som er omsett til meir enn femti språk. I 2023 fekk han Nobelprisen i litteratur, som fjerde nordmann nokon gong.
Må vente heilt til 24. august på skulestart
– Elevane i Ullensvang kommune startar ikkje skuleåret før 24. august, medan fleire andre skular i Vestland startar mykje tidlegare. – Fem planleggingsdagar før skulestart gjer at både skule og SFO er stengde medan mange foreldre må tilbake på jobb. – Foreldre, som Sara Tokheim, fortel at den seine skulestarten skapar praktiske problem for familiar utan ledige besteforeldre eller høve til å ta fri.
Her gjer trafikkdirigent Ingebrigt alt for å hindra fullt kaos ved turistmål
Trafikken på riksveg 13 ved Låtefoss meir enn tredoblar seg om sommaren, med over 5600 køyretøy i døgeret i snitt i juli. For tredje sommaren på rad må trafikkdirigentar styra bilane for å hindra full kork og farlege situasjonar. Mange turistar ønskjer å stoppa ved fossen, men det finst berre 16–20 parkeringsplassar, noko som skapar kø og frustrasjon. Nye Veier lanserar no planar for å løysa utfordringane på riksveg 13 ved Låtefoss.
Desse containerane er kommunen sitt krisetilbod: – Det er heilt skandale
Ullensvang kommune har sett opp to mellombelse bustadbrakker i Odda som akutt butiltak for personar med utfordringar knytte til rus og psykiatri. Løysinga får sterk kritikk frå naboar, ruspolitiske aktørar og politikarar, som meiner buforholda er uverdige og kan forverra situasjonen for brukarane. I førre veke braut det ut brann i ei av brakkene, og ein person blei pågripen og seinare overlaten til helsevesenet.
Sykkelturistar trassar rasfaren på historisk veg
Den historiske gamlevegen i Måbødalen har vore stengd i elleve år etter eit stort ras, men mange sykkelturistar ignorerer framleis sperringane. Riksveg 7 går gjennom fleire bratte tunnelar der syklande og gåande ikkje har lov til å ferdast, noko som gjer gamlevegen til eit attraktivt alternativ. Statens vegvesen har brukt dronar og ingeniørgeologar til å kartleggja rasfaren, og fann fleire potensielle løsneområde og skadar i vegbanen.
Stenger to DNT-hytter på Hardangervidda for villreinen
DNT stenger turisthyttene Hadlaskard og Lågaros på Hardangervidda. Det opplyser Den Norske Turistforening i ei pressemelding. – Lågaros og Hadlaskard er hytter mange er glade i, og det å stenga dei får store konsekvensar for resten av stinettet på Hardangervidda. Det er synd at vi må gjera dette, men det er nødvendig for å betra vilkåra for villreinen, seier Inger Lise Blyverket, Generalsekretær i DNT.
Slutt på ferjestresset for Lisa og Erle – no får dei bru
Det vart ein politisk gysar heilt inn på oppløpssida då dei 65 representantane i fylkestinget skulle gi frå seg si stemme. Til slutt vart det fleirtal for brua med 43 mot 22 stemmer. For Erle Kråkenes og Lisa Pomaz betyr brua ein heilt ny kvardag. – Eg har kjempe-lyst på bru. Viss du ikkje rekk den siste ferja som går, då må du vente der eller overnatte på hotell, seier Erle Kråkenes. Ho og venninna Lisa Pomaz har i likskap med resten av innbyggjarane på Atløyna levd med uvisse i lang tid.
Røldalstunnelen sprenger seg inn mot ny milepæl
Langt inne i fjellet på Seljestad i Ullensvang eter Røldalstunnelen seg sakte, men sikkert innover. Kvar salve som blir sprengt tek unna om lag fem meter med fjell. Prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen følgjer drifta tett. No har dei runda ein spesiell milepæl. – Vi har passert 1000 meter, og då er det kake, seier han. Kartet viser kor den nye E134 mellom Røldal og Seljestad skal gå.
Andreas (33) ventar framleis på trygg veg 17 år etter ulukka: – Blir oppgitt
– Eg kjenner meg liten når eg går her med vogn, seier Andreas Nedreskår. Han hadde gledd seg til utbetring av den smale og svingete fylkesvegen i Skånevik i Etne. Dette er ei vegstrekning som rett og slett kunne ha drepe han for 17 år sidan. Han kom rundt ein uoversiktleg sving på mopeden. Der stod to bilar utan moglegheit til å passera kvarandre. – Eg rakk ikkje å bremsa, så eg trefte rett i den eine bilen, fortel Andreas. Skadane var omfattande. Han brakk foten og delar av hofta.
Turistane stod klare då vegen til Trolltunga opna igjen etter ras
I dag tidleg opna endeleg Skjeggedalsvegen i Ullensvang kommune opp igjen. Vegen har vore stengt sidan 13. mai grunna ras. Dermed har det vore umogleg å komma seg opp til startpunktet for turar til turistattraksjonen Trolltunga. – Me har hatt mange skuffa turistar frå både, Australia, Canada og Sør-Korea, som har komme hit og så oppdaga at vegen var stengt, seier Åse Marie Evjen i Trolltunga AS. Turistane stod klare til å ta fatt på den lange turen fram og tilbake til Trolltunga.
Vil skrota Atløysambandet
Etter mange år med kamp for fastlandssamband, vedtok fylkespolitikarane i fjor å byggja det planlagde Atløysambandet til øysamfunnet i Askvoll. Den opphavlege kostnadsramma for prosjektet, som omfattar oppgradering av lokale vegar og tre nye bruer, var i 2022 rekna til 1,5 milliardar kroner. Sidan den gong har prosjektet vore prega av kostnadssprekkar. Ramma passerte først 1,89 milliardar kroner i fjor, før ein ny anbodsprosess i vinter gjorde prosjektet endå dyrare.
Terje (40) mista foten i motorsykkelulukke. No skriv han idrettshistorie i vindtunnelen
Terje (40) mista foten i ei alvorleg ulukke, men nekta å la det stoppe han. Han har blitt ein pioner innan vindtunnelidrett, der han konkurrerer som parautøvar. Terje er saman med to andre dei første parautøvarane i Skandinavia som skal konkurrera i vindtunnelflyging. Gjennom hardt arbeid og målretta trening har han vist at det er mogleg å bryte barrierar. Terje håpar at historia hans kan inspirere andre til å sjå moglegheiter, sjølv etter store livsomveltingar.
Turistar stengd ute frå Trolltunga i fleire veker: – Kjempekrise!
Trolltunga stengd fram til 8.
Verdas lengste biltunnel er ikkje trygg nok – stenger kvar natt i to år
Frå hausten 2026 startar eit omfattande anleggsarbeid som vil påverka alle som køyrer E16 mellom Bergen og Oslo via Lærdal. Statens vegvesen går no ut med ei kraftig oppmoding til trafikantane: Planlegg reisa godt, elles kan ein rekna med store forseinkingar. – Vi har forståing for at dette skapar utfordringar. Nettopp difor går vi ut med informasjon allereie no slik at trafikantane kan førebu seg på ein ny reisekvardag til hausten, seier prosjektsjef Stig Magnus Berg-Thomassen i Statens vegvesen.
Her opnar statsråden nytt kraftverk – i eit verna vassdrag
Energiminister Terje Aasland opna onsdag det oppgraderte kraftverket i Etne. Sjølv om utbygginga skjer i eit nasjonalt laksevassdrag, meiner Aasland at prosjektet fungerer som eit «kinderegg» som kombinerer fornybar energi, flaumdemping og omsyn til laksen. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim meiner inngrepet er skånsamt for både laks og elvemusling, medan andre åtvarar mot baksida av medaljen: effektkøyring.
Mirakelet ved Folgefonna: Her er Alec (39) tilbake for å takka dei som redda han
Alec Luhn var sakna i seks døger ved Folgefonna før han vart redda. Han vart alvorleg skadd etter eit fall og kunne ikkje røre seg. Redningsmannskapet fann han ved hjelp av eit raudt banner han hadde knytt til ei teltstong. Luhn er tilbake i Noreg for å takka dei som redda han. Han slit framleis med skadar, men besøket handlar om å lukka eit kapittel og uttrykka takksemd. Det har gått ni månader sidan Alec Luhn låg mutters åleine ved Folgefonna og venta på døden.
Nye tal: Turgåaren på Hardangervidda var teknisk død i over 20 timar
- Ein britisk turgåar overlevde hypoterm hjartestans på Hardangervidda sommaren 2025. - Ut frå oppdaterte tal ser det ut som at han var teknisk død i over 20 timar, inkludert nesten tre timar hjarte-lungeredning i nesten tre timar på hytta og nesten to timar under transport. - Hjartet byrja å slå stabilt av seg sjølv, utan mekanisk hjelp, etter 20 timar og 29 minutt, noko som er verdsrekord i overleving av hypoterm hjartestans.
Slik skal dei få villreinen tilbake til Nordfjella
I 2016 fann forskarar skrantesjuke på ei simle i Nordfjella sone 1, mellom Hardangervidda og Filefjell. Dette var første tilfelle av skrantesjuke påvist på villrein i Noreg og i Europa. Ein smittsam og dødeleg sjukdom som kan råka hjortedyr som elg, hjort, rådyr og rein. Difor vedtok regjeringa at bestanden skulle fellast vinteren 2017/2018. Samtidig blei det bestemt at ein skulle reetablera ei ny, frisk villreinbestand i området etter at det var gått minst fem år.
Død i åtte timar og 48 minutt
Ein gamal hugseregel frå medisinstudiet berga ein turgåar frå den kalde død på Hardangervidda. No går historia verda rundt. Inne i ei lita turisthytte på Hardangervidda ligg ein livlaus kropp på golvet. To hender pressar mot brystet. Takten går. Kompresjonar, igjen og igjen. Vêret er for dårleg til at redningshelikopteret kan koma. Eit unormalt kraftig uvêr for august har treft Vestlandet. Det fører til mange redningsaksjonar. I Jotunheimen er ein dansk og ein norsk statsborgar funnen omkomne.
15 lastebilar måtte til for å fjerna éin stein etter dramatisk ras
- E134 ved Fjæra i Etne er framleis stengd etter eit massivt steinras som skjedde 1. mars. - I oppryddingsarbeidet er over 2000 tonn stein fjerna frå vegbanen, fordelt på 160 lastebillass. - Den største steinen vog ca. 110 tonn. 15 lastebillass måtte til for å få den vekk. - Raset har laga eit krater på halvannan meter i vegbanen. Det har dessutan lagd store skadar på området. - Vegvesenet anslår at 1500 kubikk med stein framleis ligg i ura ovanfor vegen.
Skyt ned rasfarleg stein i fjellet over E134 ved Fjæra i Etne
Fredag 6.mars var det ei kontrollert sprenging i fjellsida over E134 ved Fjæra i Etne for å få ned lausmassar. Mor og dotter var sekund frå å bli ramma av eit stort steinras. 16-åringen filma raset, som bestod av fleire tusen kubikkmeter stein, medan mora bråbremsa bilen. To bilar vart knuste, og tolv personar måtte evakuerast. Ingen vart skadde, men vegen er stengd på ubestemt tid.
FAU vil kutte godteri frå avslutningar, tursjokolade og usunn matpakke på skulen
FAU ved Naustdal barne- og ungdomsskule foreslår strengare reglar for skulemat, inkludert forbod mot godteri, sjokoladepålegg og sukkerhaldig drikke. Forslaget møter blanda respons frå både elevar og foreldre – nokre meiner det er for strengt, medan andre støttar initiativet. Elevrådet meiner at reglane bør vere mindre strenge på spesielle dagar som skuleturar og avslutningar. Helsedirektoratet rosar initiativet, men åtvarar mot å bli for bastant i retningslinjene.
Voss-ordfører Tonje Ljones Såkvitne stenger Facebook-profil etter hets
Flere saker i Voss herad er så betente at debatten har blitt usaklig. Nå har ordfører Tonje Ljones Såkvitne bestemt seg for at hun må ta grep. – Dette er et stort steg for meg, men det er nødvendig, sier hun til NRK. På mandag deaktiverer hun Facebook-kontoen sin. Beslutningen kommer etter det hun beskriver som lang tids belastning knyttet til hardt ordskifte og personangrep på sosiale medier.
Samles for å følge oppgjør om «Kompani Lauritzen»-område
Heradsstyret seier nei til den minnelege avtalen som grunneigaren av Bømoen og Voss herad har forhandla fram. Området, som har vore rota til ein årelang konflikt på Voss, husar mellom anna Ekstremsportveko, og den gamle militærleiren har vore basen for TV2-serien «Kompani Lauritzen». Striden handlar om kva dei private eigarane skal få lov til å gjera med delar av området.
Bømoen-saka som splittar Vossabygda
Tomta, som er på storleik med Bergen sentrum, har splitta Voss sidan Forsvaret selde ho til det private selskapet Bømoen AS i 2012 for 41 millionar kroner. Det store flate området husar mellom anna ein nedlagd militærleir, ei flystripe og eit skogområde med mange turvegar. Samstundes er området ein viktig arena for luftsport, idrett og beredskap, i tillegg til store arrangement som Ekstremsportveko. Det har òg vore basen for TV 2-serien «Kompani Lauritzen».
Bygging av ny tunnel her får ny fyr på evig debatt om vegen mellom Oslo og Bergen
Nytt forslag om tunnel under fjellovergangen Rv. 7 Hardangervidda har skapt sterke reaksjonar på Vestlandet, særleg blant forkjemparar for E134 over Haukelifjell. - Tunnelen skal både sikra villreinstammen og betre framkomelegheita på ein vêrutsett fjellovergang. - Kritikarar meiner forslaget bryt med tidlegare vedtak i Nasjonal Transportplan og skapar unødvendig konflikt mellom aust-vest-vegane.
- Blodharry når Lothepus gjer det, men kulturarv når eliten står bak
Glefsande drakar og tradisjonelle ornament reiser seg mot himmelen i Hardanger. Og i fornemme Holmenkollåsen i Oslo. Stavkyrkje-bygget på TV-profilen Lothepus sin campingplass i Hardanger var ferdig i fjor. Og det er kalla blodharry, kitsch og dårleg smak. Medan Frognerseteren restaurant i Oslo er høgt akta og blir rekna som noko vi skal vera svært stolte av. Haakon Wium Lie frå Arkitekturopprøret meiner Frognerseteren og Lothepus sitt bygg er eigentleg same greia.
Kristin vil redda den 1000 år gamle tradisjonen: – Eg vil gjera gamalosten sexy
Osten er i ferd med å døy ut. Men gamalostmisjonær Kristin prøver å snu trenden. «Dei må vel drikka noko sterkt for å skylja ned svineriet» Slik oppsummerte politiet humoristisk eit fylleslag under Gamalostfestivalen i Vik i 2003. Når nokon seier «gamalost» svarar kanskje nokon med «fysj» eller «æsj». Og grin litt på nesa. Denne «hårete» osten mange seier nei til utan ein gong å ha prøvd. Foto: Eivor Eriksen / Stiftelsen Norsk Mat Ein myte som har levd lenge. Og som har vore svært vanskeleg å endra.
Gassbehandling kan gje norsk frukt i butikkane året rundt
«SmartFresh», kan forlenge haldbarheita til norsk frukt ved å stoppa modninga gjennom å blokkera hormonet etylen. Behandlinga er allereie i bruk i Noreg, og alle dei åtte fruktlagera i landet har tatt i bruk teknologien. Resultata viser stor forskjell mellom behandla og ubehandla frukt, der behandla frukt held seg friskare og sprøare lenger. SmartFresh har blitt brukt i USA og Europa i fleire tiår og vart godkjent av Mattilsynet i Noreg i 2024.
12. november 2025 fyller Norges eldste kvinner 111 år
12. november 1914. Starten av første verdenskrig. Lina Anundsen fra Siljan og Margit Larsen fra Odda kom til verden. Nå kan de begge vise til 111 år. Samme bursdagsønske i alle år I Siljan i Telemark har Linas seks barn i alderen 71 til 90 år ordnet til familiebursdag på Siljan sykehjem, hvor hun har bodd siden hun var 101 år gammel. – Det blir snitter og kake, sier sønnen Ole Gunnar Anundsen (71). Det samme bursdagsønske har hun hatt i alle år. – Snille barn. Det har hun sagt i alle år.
Skal henta ut meir straum frå Folgefonna nasjonalpark
–Isbreen Folgefonna bidreg i dag med straum til nesten 200.000 hushaldningar, og ny utbygging skal auka kapasiteten ytterlegare. - Utbygginga frå Sunnhordland Kraftlag (SKL) vil gje meir stabil kraftproduksjon og redusera pristoppar. - Statkraft planlegg Mauranger 2, som kan bli det fjerde største vasskraftverket i Noreg i effekt, men møter motstand lokalt. - Kritikarar fryktar at meir kraftutbygging vil gå utover friluftslivet og populære breturar på Folgefonna.
Ny rapport: Hardangerfjorden under press
– I dag går det greitt, men det er ikkje særleg rom for stor auke i fiskeproduksjon grunna næringssalt, seier forskingssjef Vivian Husa i Havforskingsinstituttet. På oppdrag frå Miljødirektoratet har Havforskingsinstituttet utarbeidd rapporten «Hardangerfjorden under press: Utslepp og miljøtilstand». Dei har gått grundig gjennom alle måledata for Hardangerfjorden, og mellom anna vurdert risiko for det som på fagspråket heiter eutrofiering, også kalla «overgjødsling».
Ein av fire bybuarar kan tenka seg å flytta til distriktet
Ein av fire bybuarar ønskjer å flytta til distriktet, og ein tredjedel av desse meiner dei kan ta med seg jobben. Fjernarbeid gjev fleksibilitet, men krev ny organisering og leiing frå arbeidsgivarane. Kontorfellesskap kan løysa sosiale utfordringar og skapa nettverk for fjernarbeidarar. Større fleksibilitet i jobbutlysingar tiltrekker fleire søkjarar og kan styrka rekruttering av kompetanse. Hardangerrådet satsar på konkrete tiltak, som å kartlegga kontorfellesskap, for å fremma distriktsflytting.
Regjeringa vil leggja ned 14 passkontor i Noreg og erstatta det med passbuss
- Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å leggja ned 14 passkontor som nyleg har blitt eller skal bli gjenopna. - Passkontor på stader som Husnes har fått positive tilbakemeldingar, men regjeringa meiner dei er lite besøkt. - Erstatninga skal vera passbussar, noko som skapar reaksjonar i distrikta. - Ombygging av politistasjonar og investeringar i utstyr til søknadar om pass og nasjonale ID-kort kan bli bortkasta.
Folkemøte om villreinen si framtid på Hardangervidda
Villreinen på Hardangervidda er raudlista, og det blir jobba med tiltak som kan inkludera flytting av hytter, omlegging av stiar og bygging av tunnelar. Tiltaka skapar uro blant grunneigarar, turisthyttevertar og lokalbefolkning, som fryktar for framtida til både villreinen og deira eigen aktivitet. Bente og Harald Myklathun fryktar at den familieeigde turisthytta Hedlo må stenga då fleire av forslaga kan gjere at grunnlaget for å drifta fell bort.
Uforståeleg straumprisgrense i Hardanger - ingen kan forklare kvifor prisen på straum er ulik her
Nedanfor Folgefonna, på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, ligg den vesle grenda Kvitno. Elva som deler grenda i to er også skiljet mellom dyr og billigare straum. Hus sør for elva ligg i landets dyraste straumprisområde: Sørvest -Noreg. Hus nord for elva ligg i det vesentleg billigare prisområdet: Vestlandet. NRK fortalde torsdag om naboane Jon og Kristian på Rugldalen mellom Røros og Holtålen kommune.
Første salve på ny Røldalstunnel på E134
Då første salve vart fyrt av kunne ein høyre lyden av ein splitter ny Røldalstunnel. – Det var veldig tøft. Vi likar jo det å sprenge litt, seier Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug som fekk trykke på den store raude knappen. Røldalstunnelen skal stå klar i 2030, og blir ein del av hovudfartsåra mellom aust og vest for store delar av Vestland og Rogaland. Målet er å korte ned reisetida og gjere det tryggare å ferdast på strekninga som er kjent for hyppige vinterstengingar og krevjande køyreforhold.
Stord vgs. hacka på Facebook - skuleinfo bytta ut med bunadskledde jenter
Stord vidaregåande skule sin Facebook-side er kapra, og innhaldet er erstatta med nasjonalromantiske innlegg og bilete. Rektor Ellen Strandenes er uroa over mogleg utvikling av innhaldet og understrekar at skulen ikkje står inne for det som blir publisert. Kaprarane har kasta ut administratorane, og skulen har vanskar med å få tilbake kontrollen, trass i dialog med Meta/Facebook. Kontokapring er eit aukande problem, og Slettmeg.no melder at 25 % av sakene deira handlar om dette.
- Kan nå bruka meir straum enn før, til lågare pris - NRK Vestland
Bjørn Arild Fjeldsbø er ikkje ein fyr som «fyrer for kråkene». Huset hans i Tyssedal er fullt av straumsparande teknologi. På telefonen har han fem app'ar som sørger for at han brukar straumen smart. – Her har eg eit system som styrer lys og heime/borte, natt- og feriemodus. Slik at ein sparer litt straum. Men no får han og alle nordmenn eit tilbod som ikkje akkurat oppmuntrar folk til å spara på straumen: noregspris.
Skisenteret på Folgefonna kollapsa, men turistane strøymer til isbreen
CO₂ i atmosfæren Les mer om klima Folgefonna er framleis ein populær turistattraksjon, trass kollapsa skisenter og smeltande isbre. So langt i år har Folgefonna hatt 25 prosent fleire besøkande på tur, samanlikna med fjoråret. Det har snart gått eitt år sidan selskapet bak, VisitFonna gjekk konkurs. Verken dei, eller kommunen vil ta på seg ansvaret med å rydde området for skrap og rot etter kollapsen av skianlegget.
Opprydding på Folgefonna kan koste millionar
Konkursen i Visitfonna AS i fjor og den raske snøsmeltinga i sommar har ført til full kollaps av det forlatne skitrekket. Breførarlaget som nyttar isbreen har bedt om at nokon fjernar anlegget, men så langt har ingenting skjedd. Kan koste millionar Alpinservice AS kjenner godt til situasjonen på Folgefonna etter å ha utført arbeid på skiheisen der fleire gonger. Dei reknar med at prisen på oppryddinga vil liggje på mellom to og tre millionar kroner. Men dagleg leiar Stian O.
Dette er den nye benken av representanter for Hordaland på Stortinget for perioden 2025-2029
Valg Resultat Partiguide Valgomat Sametingsvalget Med 99 prosent av stemmene talt opp mandag kveld, ser kabalen ut til å være lagt for hvem som skal representere Hordaland på Stortinget. Peter Christian Frølich (H) slapp med skrekken, mens Venstres Sveinung Rotevatn må forlate Stortinget. For som ellers i landet er Arbeiderpartiet den store vinneren, selv om Frp gjør sitt beste stortingsvalg noen gang. Venstre og Høyre står igjen med svært skuffende resultat.
Show More
loading
Actions
Is this you?
As a journalist, you can create a free Muck Rack account to customize your profile, list your contact preferences, and upload a portfolio of your best work.Get in touch with Tale
Contact Tale, search articles and posts on X, monitor coverage, and track replies from one place.
Learn more about Muck Rack